Livsstilsendring - Døgntilbod
Tilbod til personar mellom 18 til 65 år med Body Mass Index (BMI kg/m2) >/= 40 eller BMI >/= 35 og fedmerelaterte følgetilstandar. Motivasjon for livsstilsendring og samarbeid i eit langvarig behandlingsforløp er ein føresetnad.
Målsetting
Å bygge positive meistringsstrategiar som kan bidra til varig livsstilsendring, betre helse og livskvalitet.
Tiltak
Gruppebasert tilbod med variert fysisk aktivitet og undervisning. Sentrale undervisningstema er relatert til meistringsstrategiar, helse, kosthald, aktivitet og deltaking i kvardagen. Individuelle tilpassingar vert gitt ut frå mål for rehabiliteringa og faglege vurderingar.
Organisering
Døgnbasert tilbod som går over 6 veker fordelt på omtrent 12 månader. Organisert med vurderingsopphald på 1 veke, hovudopphald på 3 veker og eit oppfølgingsopphald på 2 veker. Primærkontakt på Muritunet følger opp med samtale i heimeperioden.
Eit tverrfagleg team sett saman av klinisk ernæringsfysiolog, ernæringsrådgivar, fysioterapeut, idrettspedagog, sjukepleiar, lege og psykolog samarbeidar om å følge opp pasienten under opphaldet. Oppfølging av arbeidskonsulent ved behov
Kontakt med eksterne
Kontakt blir ved behov etablert med eksterne samarbeidspartar som fastlege, psykisk helseteam, fysioterapeut, pårørande eller andre som er viktige i livsstilsprosessen.
Fleire tilbod
Kartleggingopphald Barn og ungdom Etter kirurgi Livsstilsendring - Dagtilbod (Moa)
Eigenandel
- Personar innsøkt via avtale med Helse Midt-Norge RHF har ein eigenandel på kr 163,- per døgn i 2025.
- Ved vedtak om godkjent yrkesskade betaler du ikkje eigenandel. Ta med kopi av vedtaket frå NAV.
- Eigenandelstaket for 2025 er kr. 3278,- for alle tenestene.