2. Lim inn rett etter den innledende taggen: 2. Lim inn rett etter den innledende taggen: Muritunet | Arbeidsretta rehabilitering for unge 18–30 år | Sunnmøre…

Arbeidsretta rehabilitering - for unge 18-30 år

Tilbodet passar for personar som, på grunn av helseutfordringar, har nedsett arbeidsevne. Rehabiliteringa er retta mot personar som står i fare for å bli sjukemeld, er sjukemeld, eller mottek arbeidsavklaringspengar, på grunn av muskel- og skjelettplager eller vanlege psykiske lidingar.
Deltaking forutset at ein må vere motivert og ha eit mål om å komme heilt eller delvis tilbake i arbeid eller utdanning.

Unge vaksne i arbeidsretta rehabilitering på Sunnmøre i Møre og Romsdal, med mål om å kome tilbake i arbeid eller utdanning

Målsetting
Målet er å styrkje og stabilisere arbeidsevna, og å auke meistringa av eigen situasjon, slik at du kan stå i, eller kome heilt eller delvis tilbake til arbeid eller utdanning. Samstundes ønskjer vi å bidra til auka deltaking og inkludering i lokalsamfunnet.

Tiltak
Gruppebasert tilbod med variert fysisk aktivitet og undervisning. Sentrale temaer er helse, arbeid, aktivitet og meistring.

Individuelt tilpassa ut frå mål for rehabilitering og faglege vurderingar. Tilbodet har eit tydeleg arbeidsfokus, med karrierekartlegging, arbeidsplassbesøk og samarbeid med NAV ungdomsteam.

Organisering 
Døgnbasert gruppetilbod organisert først med ei 1 veke kartleggingsopphald, og så eit 3 vekers hovudopphald 6 til 12 veker etter kartleggingsopphaldet. Formålet med den første veka er å stadfeste om arbeidsdeltaking er målet, samt å førebu og å starte opp prosessen fram til hovudopphaldet. Eit tverrfagleg team sett saman av arbeidskonsulent, fysioterapeut, ergoterapeut, osteopat, idrettspedagog, sjukepleiar, ernæringsrådgivar, ergoterapeut og lege samarbeida om å følge opp pasienten under opphaldet.

Ein ung koordinator inngår som ein del av teamet og har ei sentral rolle i oppfølginga. Koordinatoren samarbeider tett med Nav ungdomsteam og arbeidsgivarar. Målet er å sikre samanheng i oppfølginga frå før oppstart til tre månader etter utskriving. 

Kontakt med eksterne
Kontakt vert ved behov etablert med fastlege, Nav ungdomsteam, pårørande eller andre som er viktige i rehabiliteringsprosessen.

For personar utan arbeidsforhold vil fokuset vere å understøtte prosessen retta inn mot arbeids- eller utdanningsmarknaden gjennom til dømes karriererettleiing og samarbeid med Nav om mogleg arbeidsutprøving og hjelp til jobbsøking. 
Omfang av kontakt vil vere ut frå pasienten og arbeidsgiver/Nav sine behov. Samboer/ektefelle/andre er etter ønske velkommen til å ta kontakt med teamet for ein samtale i lag med pasient.

Samarbeid
Tilbodet er i ein fase med utprøving av eit styrka samarbeid mellom Muritunet, Fjord kommune og NAV (ungdomsteamet i Ålesund). 

Eigenandel
Eigenandel for døgnrehabilitering er kr 163,- per døgn.
Ved godkjent yrkesskade betaler du ikkje eigenandel.
Eigenandelstaket gjeld i tråd med nasjonale reglar.

Fleire arbeidsretta tilbod

Arbeidsretta rehabilitering - Dagtilbod (Moa)  Arbeidsretta rehabilitering - Poliklinikk (Moa)

Eigenandel

  • Add commentMore actions Personar innsøkt via avtale med Helse Midt-Norge RHF har ein eigenandel på kr 163,- per døgn i 2025.
  • Add commentMore actions Ved vedtak om godkjent yrkesskade betaler du ikkje eigenandel. Ta med kopi av vedtaket frå NAV.
  • Add commentMore actions Eigenandelstaket for 2025 er kr. 3278,- for alle tenestene.