Livsstilsendring - Barn og ungdom
Tilbod til barn og ungdom frå 13 til 18 år med overvekt som er disponert for fysiske og psykiske helseplager. Deltaking i tilbodet føreset at ein føresett er tilstades under heile opphaldet.
Målsetting
Å bygge positive meistringsstrategiar som kan bidra til livsstilsendring, bremse vektoppgang, betre helse og livskvalitet.
Tiltak
Gruppebasert tilbod med variert fysisk aktivitet og undervisning. Sentrale undervisningstema er relatert til helse og meistringstru. Individuelle tilpassingar vert gitt ut frå mål for rehabiliteringa og faglege vurderingar.
Organisering
Døgnbasert tilbod over 5 veker fordelt på 12 månader (2+2+1 veke) i vinterferie og starten av august. Ungdom og føresette vert følgt opp av eit tverrfagleg team både under og mellom opphalda på Muritunet.
Eit tverrfagleg team sett saman av klinisk ernæringsfysiolog, ernæringsrådgivar, fysioterapeut, idrettspedagog, sjukepleiar og lege samarbeidar om å følge opp pasienten under opphaldet.
Born og føresette blir tilbydd separate rom.
Kontakt med eksterne
Kontakt blir ved behov etablert med eksterne samarbeidspartar som fastlege, barnepoliklinikk, helsesjukepleiar, skule, BUP, fysioterapeut, pårørande eller andre som er viktige i ungdomen sin livsstilsprosess.
Eigenandel
- Personar innsøkt via avtale med Helse Midt-Norge RHF har ein eigenandel på kr 163,- per døgn i 2025.
- Ved vedtak om godkjent yrkesskade betaler du ikkje eigenandel. Ta med kopi av vedtaket frå NAV.
- Eigenandelstaket for 2025 er kr. 3278,- for alle tenestene.