Muritunet | Min side | Muritunet
DSC 2096web

Velkommen til Muritunet

Under finner du viktig informasjon før og under oppholdet ditt. 

Når opphaldet ditt er stadfesta, vil du motta eit velkomstbrev i Digipost. Brevet inneheld informasjon om tidspunkt for oppstart, lengde på opphaldet og relevante førebuingar før ankomst.

Vidare kommuniserer vi med deg gjennom vår digitale samhandlingsløysing AdVoca, og Checkware. I løpet av dei tre siste vekene før ankomst vil du få oppgåver på inntil tre tidspunkt. Du vil då motta ein SMS med lenke til oppgåvene. 
Svara hjelper oss med å førebu rehabiliteringsopphaldet ditt best mogleg og blir lagra i journalen din.

Du kan logge på både AdVoca og Checware litt lengre nede på denne sida.
 

Kommunikasjon skjer via pasientsida AdVoca 

Her får du:

  • Elektroniske brev og informasjon
  • Skjema for å gi oss nødvendige opplysninger
  • Rehabiliteringsplan
  • Timeplan
  • Undervisningsmateriell
  • Samtykkeskjema                                                                                                                                                                  

Eg har logga på AdVoca, kva no? 

Når du har logga deg inn i løsninga er du på sida “oversikt”. Her må du gå inn på alle dokumenta under overskrifta “Delt med meg”. Sjå steg for steg guide for meir hjelp.

Steg for steg guide for AdVoca



Kartleggingsskjema i Checkware

Om lag ei veke før ankomst ber vi deg logge inn i Checkware og fylle ut kartleggingsskjema. Skjema inneheld mellom anna spørsmål om helse, livskvalitet og arbeidssituasjon. Når du har logga deg inn vil skjema automatisk kome opp. 
Du vil få tilsendt kartleggingsskjemaene både før, under og etter rehabiliteringsopphaldet. Dette gjer det mogleg å følgje utviklinga di gjennom forløpet.
I AdVoca får du spørsmål om samtykke til datainnsamling. Dersom du samtykkjer, kan resultata frå kartlegginga registrerast  i Muritunet sitt kvalitetsregister for forsking- og utvikling.  

Du får SMS-varsel når det ligg ny informasjon eller nye skjema klare i AdVoca eller Checkware.