Pain Reprocessing Therapy (PRT)
Kva er PRT?
Pain Reprocessing Therapy (PRT) er ein metode som tek utgangspunkt i at hjernen er plastisk, det vil seie formbar. I PRT blir dette lagt til grunn for målretta trening av hjernen for å hjelpe personar med nevroplastiske symptom – altså symptom som oppstår fordi hjernen tolkar ufarlige signal frå kroppen som farlege. Desse symptoma er ekte og merkbare, men kjem ikkje av skade, betennelse eller sjukdom i kroppen.
Tilbodet passar for dei som:
- ønskjer å redusere smerter og symptom for å kunne gjenoppta vanleg aktivitet og funksjon
- er ferdig utgreidde og trygge på at fysiologiske årsaker aleine ikkje kan forklare symptoma
- er opne for å tenkje nytt og nysgjerrige på kva som ligg bak symptoma
- er komfortable med visualiseringsøvingar
- har kapasitet til å tileigne seg nye verktøy og til å øve på desse både i og mellom behandlingstimene
Dersom ein står i svært krevjande prosessar elles i livet (t.d. økonomiske, familiære eller jobbrelaterte utfordringar), eller er under utgreiing eller behandling for alvorleg psykisk sjukdom, anbefalar vi å vente til situasjonen har stabilisert seg.
Behandlingsforløp
Behandlinga sitt innhald
- Opplæring i hjernen si rolle og betydning for vedvarande nevroplastisk smerte og korleis denne kan reverserast.
- Støtte til pasienten i å samle personlege døme og bevis for hjernen si rolle i eigne smerter, inkludert korleis dei kan dempast og reverserast.
- Oppmerksomheit og fortolking av smerteopplevinga («somatisk sporing»).
- Bearbeiding av vanskelege kjensler og ytre stressfaktorar.
- Framkalling av positive følelsesmessige tilstandar.
Føreskriving eller evaluering av heimelekser.
1. Undervisning og vurderingstime
Det blir gitt gruppebasert undervisning om PRT og korleis terapiforma fungerer i praksis. Det omfattar mellom anna opplæring i korleis hjernen kan skape og oppretthalde symptom, og korleis denne prosessen kan reverserast. Vurderingtimen er individuell og fokuserer på pasienten sine mål med behandlinga, gjennomgang av symptomhistorikk og personen si eiga forståing av plagene. Kartlegginga i denne timen dannar grunnlaget for vidare behandling ut frå den enkelte sitt behov.
2. Individuelle timer
Behandlinga består av 5 til 6 individuelle timar med behandlar, samt oppgåver mellom timane. Talet på timar blir vurdert etter behov og i samråd med pasienten. Målet er symptomlette gjennom kunnskap, systematiske øvingar, nye erfaringar og refleksjon.
I siste timen blir det utarbeidd ein plan for tida etter behandlinga.
Prisar
| PRT-undervisning og vurderingstime - 3000 NOK (totalt) | |
|---|---|
| Undervisning | (3 t inkludert pauser) |
| Vurderingstime | (60 min) |
| PRT-individuell time - 1500 NOK (pr. time) | |
|---|---|
| Individuell time | (60 min) |