Hjerte

Tilbod for personar med stabil angina pectoris, hjertesvikt, etter hjerteinfarkt og ukompliserte operative inngrep.

Squats

Målsetting

Å bygge mestringsstrategiar for å bidra til å betre helse og livskvalitet, og å oppretthalde aktivitet i kvardagen og i arbeidslivet.

Tiltak
Tilbod med variert fysisk aktivitet og undervisning. Sentrale undervisningstema er relatert til helse, kosthald, aktivitet og deltaking i kvardagen. Individuelle tilpassingar vert gitt ut frå mål for rehabiliteringa og faglege vurderingar. 

Organisering
Døgnbasert tilbod over 3 veker. Eit tverrfagleg team sett saman av fysioterapeut, ernæringsrådgivar, lege og sjukepleiar samarbeidar om å følge opp pasienten under opphaldet. Oppfølging av klinisk ernæringsfysiolog, arbeidskonsulent og ergoterapeut ved behov.

Kontakt med eksterne
Kontakt blir ved behov etablert med eksterne samarbeidspartar som fastlege, pårørande eller andre som er viktige i rehabiliteringsprosessen. 

Pasienthistorie - Om hjerteinfarkt, rehabilitering og kvinnehelse

Eigenandel

  • Add commentMore actions Personar innsøkt via avtale med Helse Midt-Norge RHF har ein eigenandel på kr 163,- per døgn i 2025.
  • Add commentMore actions Ved vedtak om godkjent yrkesskade betaler du ikkje eigenandel. Ta med kopi av vedtaket frå NAV.
  • Add commentMore actions Eigenandelstaket for 2025 er kr. 3278,- for alle tenestene.