Livsstilsendring- Etter kirurgi

Tilbod til personar som tidlegare eller nyleg har fått gjennomført vektreduserande operasjon. Motivasjon for å gjere varig livsstilsendring er ein føresetnad.

Treningssenter

Målsetting
Å bygge positive meistringsstrategiar som kan bidra til varig livsstilsendring, betre helse og livskvalitet.

Tiltak  
Gruppebasert tilbod med variert fysisk aktivitet og undervisning. Sentrale undervisningstema er relatert til meistringsstrategiar, helse, kosthald, aktivitet og deltaking i kvardagen. Individuelle tilpassingar vert gitt ut frå mål for rehabiliteringa og faglege vurderingar. 

Organisering  
Døgnbasert tilbod som går over 2 veker. 
Eit tverrfagleg team sett saman av klinisk ernæringsfysiolog, ernæringsrådgivar, fysioterapeut, idrettspedagog, sjukepleiar og lege samarbeidar om å følge opp pasienten under opphaldet. 

Kontakt med eksterne aktørar 
Kontakt blir ved behov etablert med eksterne samarbeidspartar som fastlege, psykisk helseteam, fysioterapeut, pårørande eller andre som er viktige i livsstilsprosessen.

Eigenandel

  • Add commentMore actions Personar innsøkt via avtale med Helse Midt-Norge RHF har ein eigenandel på kr 163,- per døgn i 2025.
  • Add commentMore actions Ved vedtak om godkjent yrkesskade betaler du ikkje eigenandel. Ta med kopi av vedtaket frå NAV.
  • Add commentMore actions Eigenandelstaket for 2025 er kr. 3278,- for alle tenestene.