2. Lim inn rett etter den innledende taggen: Muritunet | Kompleks rehabilitering

Kompleks rehabilitering

Tilbod til vaksne med samansette problemstillingar og nedsett funksjonsevne som følge av skade eller alvorleg sjukdom. Tilbodet er diagnoseuavhengig, men pasienten skal vere ferdig utreda og medisinsk stabil.

2 Personer Som Snakker

Målsetting
Å bygge meistringsstrategiar som kan bidra til betre helse og livskvalitet, og å oppretthalde aktivitet i kvardagen og i arbeidslivet.

Tiltak
Individuelt tilbod med variert fysisk aktivitet og undervisning. Sentrale undervisningstema er relatert til helse, kosthald, aktivitet og deltaking i kvardagen. Individuelle tilpassingar vert gitt ut frå mål for rehabiliteringa og faglege vurderingar. 

Organisering
Døgnbasert tilbod over 3 veker med tilrettelegging. Eit tverrfagleg team sett saman av fysioterapeut, sjukepleiar, idrettspedagog, lege og ergoterapeut samarbeider om å følge opp pasienten under opphaldet.

Kontakt med eksterne
Ved behov blir det etablert kontakt med eksterne samarbeidspartar som fastlege, pårørande eller andre som er viktige i rehabiliteringsprosessen. 

Eigenandel

  • Add commentMore actions Personar innsøkt via avtale med Helse Midt-Norge RHF har ein eigenandel på kr 163,- per døgn i 2025.
  • Add commentMore actions Ved vedtak om godkjent yrkesskade betaler du ikkje eigenandel. Ta med kopi av vedtaket frå NAV.
  • Add commentMore actions Eigenandelstaket for 2025 er kr. 3278,- for alle tenestene.