2. Lim inn rett etter den innledende taggen: 🚧 Muritunet | Pasient historier
0 DA02 DD457364 F6 A8 A592 D5755 F2 D244

Pasienthistorier

Mari Ann

Pasienthistorie - Om lungesjukdommen KOLS og opphald pÄ rehabilitering

Les korleis Mari-Ann har tilpassa kvardagen og korleis rehabilitering har hjulpet ho med Ä fÄ tryggheit og motivasjon til Ä trene styrke.

Å mĂžte andre i same situasjon har gjort at ho ikkje fĂžler seg sĂ„ einsam, og ho har utveksla erfaringar og stĂžtte med gruppa.

Les heile historia Fleire historier
Rita Og Hund

Pasienthistorie - Om hjerteinfarkt, kvinnehelse og rehabilitering

Rita fekk hjerteinfarkt etter ho kom heim frÄ Stikk Ut tur pÄ LjÞen, Hellesylt

Ho fortel at kvinner ofte kan ha andre symptom pÄ hjerteinfarkt enn menn. Det er viktig Ä vite at det kan vere ulike symptom og at kvinnehelse blir tatt pÄ alvor seie Rita. Fleire ville nok gÄtt og lagt seg, men Rita var opplyst nok til Ä slÄ pÄ alarmknappen. Ho kjende pÄ eit ubehag i venstre arm, diffuse symptom samt at ho byrja Ä kaldsveitte. Ho la saman symptoma som til slutt gjorde at ho ringte 113. Vi blir kjent med kva Rita har lÊrt og vil ta med seg frÄ eit opphaldet pÄ Muritunet pÄ hjerterehabiliterring.

Les heile historia Fleire historier
Birgit

Pasienthistorie - Totalbelastninga over tid var det som til slutt gjorde at kroppen til Birgit til sa stopp

Birgit forstod ikkje sjĂžlv kva som skjedde og prĂžvde ulike behandlingar for symptoma utan at det vart nokon betring. Arbeidsretta rehabilitering var til slutt noko som gjorde at ho fekk livet tilbake.

Ho prioritetar annleis og har lÊrt Ä ta vare pÄ seg sjÞlv igjen.

Les heile historia Fleire historier
Sverre

Pasienthistorie - Om Ä fÄ tryggheita tilbake etter hjerteinfarkt

Rehabiliteringa har gjort at Sverre har senka tempoet, stressar mindre og blitt meir trygg pÄ kva han toler.

Sverre fortel oss om livet fÞr og etter hjerteinfarkt. Han reflekterar over Ärsaka til at han fekk hjerteinfarkt. I tillegg gir han oss innblikk i korleis opphaldet pÄ Muritunet har vore. Rehabiliteringa har gjort at Sverre har senka tempoet, stressar mindre og blitt meir trygg pÄ kva han toler. «Eg hadde angst for Ä presse meg, angsten sat i meg til eg kom hit til Muritunet. Inntil eg fekk lÊre meg kva eg tolte.»

Les heile historia Fleire historier
Miriam

Pasienthistorie - Livsstilsendring

Miriam, ei trebarnsmor og tilsett innan psykisk helse og rus i Ålesund Kommune, har lenge kjempa mot overvekt, smerter og migrene. Etter eit livsendrande opphald pĂ„ Muritunet, har ho funne vegen til betre helse og Ăžnskjer no Ă„ dele si reise med deg. Ho har slite med vekta heile livet, og maten vart hennar mĂ„te Ă„ regulere kjenslene pĂ„. Ho har opplevd mobbing og tĂžffe periodar i vaksenlivet. No mĂžter vi ei motivert og reflektert dame som hĂ„par hennar erfaringar kan vere til nytte for andre.

Etter Ä ha endra livsstil merka ho stor betring bÄde fysiske og psykiske helse

Les heile historia Fleire historier
Pasient Historie Rune

Pasienthistorie - MÄtte ned i vekt fÞr operasjon

Denne gongen mÞter vi Rune som har vore hos oss av ein heilt spesiell grunn. Han mÄ ned i vekt for Ä kunne gjennomfÞre ein nÞdvendig operasjon

" Det er viktig Ă„ fĂ„ fram at det er mogleg Ă„ forandre livsstil og fĂ„ eit betre liv,” seier han.

Les heile historia Fleire historier