Ekspertbistand
Hjelp til utfordringar knytt til sjukefråvær eller arbeidsmiljø
Ekspertbistand kan vere aktuelt ved utfordringar knytt til hyppige eller langvarig sjukefråvær som ein ikkje har lukkast med å løyse gjennom ordinær oppfølging eller tilrettelegging. Muritunet har spisskompetanse på sjukefråværsoppfølging og kan hjelpe arbeidsgjevar og tilsette gjennom å kartlegge og avklare utfordringane, og deretter foreslå tiltak som gjer den tilsette betre i stand til å meistre og stå stabilt i arbeidet sitt.
Våre jobbekspertar har brei og tverrfagleg kompetanse
I vårt tverrfaglege team har vi jobbkonsulentar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, psykologar, sjukepleiarar, ernæringsfysiolog og lege. I eit ekspertoppdrag brukar vi den fagkompetansen som er relevant for å kartlegge kvar einskild person og/eller situasjon best mogeleg.
Slik søker du om ekspertbistand
- Det er arbeidsgivar som søkjer om tilskotet.
- Arbeidsgivar betaler for eksperthjelpa og får refundert utgiftene frå NAV.
- Tilskotet frå NAV dekkjer utgifter opp til ein maksimal sats
Arbeidsgivar må kontakte NAV Arbeidslivssenter (tlf. 55 55 33 36) for å få stadfesta at tiltaket er aktuelt
Les meir om Ekspertbistand https://www.nav.no/ekspertbistand og søk tilskot via Altinn - Søknad om tilskudd til ekspertbistand
ARTIKLAR