Praktisk informasjon - Dagtilbod Moa
Velkomen til Muritunet Moa
Vi har gleda av å ønske deg velkommen til Muritunet og Moa. Lokala våre ligg i Daaeskogen Næringsbygg, 2. etasje.
Ved ønske om ytterlegare informasjon om opphaldet kan ein kontakte resepsjonen per tlf. 70 25 84 15 eller inntakskontoret på tlf. 70 25 84 00.
Før oppstart
Vi er inne i ein overgangsfase frå post til digital kommunikasjon. I løpet av 2026 vil nokre pasientar framleis mota brev per post, medan andre får informasjon digitalt via Digipost og AdVoca.
Når opphaldet ditt er stadfesta, vil du – dersom du mottek digital informasjon – få eit velkomstbrev i Digipost. Brevet inneheld informasjon om tidspunkt for oppstart, varigheit på opphaldet og relevante førebuingar før ankomst.
Vidare kommuniserer vi med deg gjennom vår digitale samhandlingsløysing, AdVoca. Når pasientsida di er klar, får du ein SMS med ei lenke. Du kan òg gå via heimesida www.muritunet.no og klikke på «din portal» og deretter «Pasientside- logg inn AdVoca».
Om lag ei veke før ankomst ber vi deg svare på spørjeskjema i Checkware. Svara hjelper oss å førebu rehabiliteringsopphaldet best mogleg og vert lagra i journalen din.
Vi håper du er motivert for eit innhaldsrikt opphald her på Muritunet. For å få best mogleg utbytte av tida her, så ønsker vi at du tenker igjennom kva som er dine mål/fokusområde for opphaldet.
Oppmøte og kvardagen hos oss
Første dagen du er hos oss, startar med eit velkomstmøte. Der vil du bli kjend med teamet og tilbodet. Du får praktisk informasjon. Det blir god tid til eventuelle spørsmål.
To og tre dagar annakvar veke. Kjernetid vil vere mellom kl. 09:00 – 15:00
Varierer alt etter kva type rehabiliteringstilbod;
Langvarig smertegruppe: 7 veker (oppmøte tirs og tors i oddetallsveker, tirs tors og fre i partallsveker)
Arbeidsretta rehabilitering: 8 veker (oppmøte man og ons i oddetallsveker, man, onsd og fre i partallsveker).
Lunge/Kols: 7 veker (oppmøte man, onsd og fre i oddetallsveker, man og ons i partallsveker).
Livsstilsendring - Fedme: 6 veker med oppmøte to og tre dagar annankvar veke. Det vil bli gitt oppfølging etter opphaldet.
På rehabilitering vil du få tildelt ei primærkontakt, undervegs vil du bli følgt opp av eit tverrfagleg team. I løpet av eit opphald vil du få undervisning om ulike tema, lære å bruke kognitive verktøy og det vil vere aktivitetar ute og inne.
Under opphaldet
Ta med treningsklede, sko til bruk inne og ute, og handduk til treningssenter. Garderobe med dusj er i tilknyting til treningsfasilitetar ved Sporty treningssenter. NB! Du er sjølv ansvarleg for dine personlege eigendelar.
Resepsjon, garderobe med låsbare skap, kjøkken der vi serverer lunsj kvar dag, undervisningsrom, behandlingsrom, samtalerom og kvilerom. Vi bruker Sporty treningssenter sine fasilitetar som gruppesal der det også er garderobe med låsbare skap, dusj og badstue.
Det blir servert lunsj kvar dag. Muritunet følgjer dei offentlege anbefalingane om sunt kosthald frå Statens Råd for Kosthald og Ernæring. Dersom du har behov for spesielle diettar som er medisinsk grunna, må du gi beskjed om dette i god tid før opphaldet.
Treng du sjukemelding, ta kontakt med fastlegen din før opphaldet.
Omsyn til allergikarar ber vi deg om å vere forsiktig med å bruke parfymerte produkt.
På Muritunet er det nulltoleranse for bruk av alkohol og andre rusmiddel. Røyking ikkje tillat dei timane du er hos oss. Ta kontakt om du ønsker røykesluttsamtale.
Transport, parkering og betaling
Anbefaler å nytte offentleg transport. For bussruter, sjå frammr.no eller ring 177. Det er 5 minutt å gå frå busstasjonen til oss. For drosje, kontakt fastlegen din. Spørsmål om reiseutgifter? Ring pasientreiser på 05515.
Vi har ikkje eigne parkeringsplassar, men det er mykje tilgjengeleg i området mot betaling.
Eigenandelen er kr. 163,- pr. dag. Eigenandelstak er pr. 1.1.2026 kr 3278.- Når dette beløpet er nådd vil du automatisk få frikort. For polikliniske konsultasjoner er eigenandelen 443,- pr konsultasjon, ein betalar 2 eigenandeler totalt.
Bli betre kjent med oss
Senteret ligg i Daaeskogen på Moa, i Ålesund kommune. Sjå filmen og bli betre kjent med oss. Velkomen!
Pasienthistorie
Få eit innblikk i korleis Birgit opplevde rehabilitering på dagavdelinga. Ho gjenoppdaga livsgnisten og lært å ta vare på seg sjølv igjen. Hennar historie er eit sterkt døme på effekten av arbeidsretta rehabilitering.