Livsstilsendring - Kartlegging
Tilbod til personar mellom 18 til 65 år med Body Mass Index (BMI kg/m2) >/= 40 eller BMI >/= 35 og fedmerelaterte følgetilstandar. Personen må vere motivert for å ei varig livsstilsendring og i stand til å samarbeide gjennom eit langvarig behandlingsforløp.
Målsetting
Å starte opp med livsstilsendring og å kartlegge kva tilbod som er vidare hensiktsmessig.
Tiltak
Gruppebasert tilbod med variert fysisk aktivitet og undervisning. Sentrale undervisningstema er relatert til meistringsstrategiar, motivasjon, kosthald, aktivitet og deltaking i kvardagen. Individuelle tilpassingar vert gitt ut frå mål for rehabiliteringa og faglege vurderingar.
Organisering
Døgnbasert kartleggingsopphald over 1 veke. Eit tverrfagleg team sett saman av klinisk ernæringsfysiolog, ernæringsrådgivar, fysioterapeut, idrettspedagog, sjukepleiar og lege samarbeidar om å følge opp pasienten under opphaldet.
Kartleggingsopphaldet kan resultere til eit vidare forløp på eit livsstilstilbod (dag eller døgn). Kommunale tilbod eller andre tiltak kan også vere eit alternativ.
Kontakt med eksterne
Kontakt blir ved behov etablert med eksterne samarbeidspartar som fastlege, psykisk helseteam, fysioterapeut, pårørande eller andre som er viktige i livsstilsprosessen.
Fleire tilbod
Livsstilsendring - Dagtilbod (Moa) Barn og ungdom - Døgntilbod (Valldal) Etter kirurgi - Døgntilbod (Valldal) Våre rehabiliteringstilbod
Eigenandel
- Personar innsøkt via avtale med Helse Midt-Norge RHF har ein eigenandel på kr 163,- per døgn i 2025.
- Ved vedtak om godkjent yrkesskade betaler du ikkje eigenandel. Ta med kopi av vedtaket frå NAV.
- Eigenandelstaket for 2025 er kr. 3278,- for alle tenestene.