Livsstilsendring - Dagtilbod
Tilbod til personar mellom 18 og 65 år med Body Mass Index (BMI kg/m2) >/= 40 eller BMI >/= 35 og fedmerelaterte følgetilstandar. Motivasjon for livsstilsendring og samarbeid i eit langvarig behandlingsforløp er ein føresetnad.
Målsetting
Å bygge positive meistringsstrategiar som kan bidra til varig livsstilsendring, betre helse og livskvalitet.
Tiltak
Gruppebasert tilbod med variert fysisk aktivitet og undervisning. Sentrale undervisningstema er relatert til meistringsstrategiar, helse, kosthald, aktivitet og deltaking i kvardagen. Individuelle tilpassingar vert gitt ut frå mål for rehabiliteringa og faglege vurderingar.
Organisering
Dagbasert tilbod som går over 1 år. Hovudkurset er 6 veker med frammøte to og tre dagar annankvar veke. Etter 6 og 12 månadar er det oppfølging i 2 veker med same frammøtedag.
Eit tverrfagleg team sett saman av klinisk ernæringsfysiolog, psykiatrisk sjukepleiar, lege, psykolog, fysioterapeut, idrettspedagog, ergoterapeut og arbeidskonsulent samarbeidar om å følge opp pasienten under opphaldet.
Kontakt med eksterne
Kontakt blir ved behov etablert med eksterne samarbeidspartar som fastlege, pårørande, NAV, arbeidsgivar eller andre som er viktige i livsstilsprosessen.
Eigenandel
- Personar innsøkt via avtale med Helse Midt-Norge RHF har ein eigenandel på kr 163,- per døgn i 2025.
- Ved vedtak om godkjent yrkesskade betaler du ikkje eigenandel. Ta med kopi av vedtaket frå NAV.
- Eigenandelstaket for 2025 er kr. 3278,- for alle tenestene.