Brudd, slitasje og ortopedi
Tilbod til vaksne med behov for rehabilitering etter skader eller slitasje i muskel- og skjelettsystemet og komplisert osteoporose. Muritunet tek imot enkelte pasientar med Barthel ADL-skår ned mot 6 i planlagt forløp.
Målsetting
Å auke mobilitet, funksjonsnivå, livskvalitet og oppretthalde aktivitet i kvardagen og i arbeidslivet.
Tiltak
Individuelt tilbod med variert fysisk aktivitet og undervisning. Sentrale undervisningstema er relatert til helse, aktivitet og deltaking i kvardagen. Individuelle tilpassingar vert gitt ut frå mål for rehabiliteringa og faglege vurderingar.
Organisering
Døgntilbod over 2-3 veker. Eit tverrfagleg team sett saman av fysioterapeut, ernæringsrådgivar, lege, sjukepleiar og idrettspedagog samarbeider om å følge opp pasienten under opphaldet. Oppfølging av arbeidskonsulent og ergoterapeut ved behov.
Kontakt med eksterne
Kontakt blir ved behov etablert med eksterne samarbeidspartar som fastlege, pårørande eller andre som er viktige i rehabiliteringsprosessen.
Eigenandel
- Personar innsøkt via avtale med Helse Midt-Norge RHF har ein eigenandel på kr 163,- per døgn i 2025.
- Ved vedtak om godkjent yrkesskade betaler du ikkje eigenandel. Ta med kopi av vedtaket frå NAV.
- Eigenandelstaket for 2025 er kr. 3278,- for alle tenestene.