Skalldyrsmix
Lett rett som kan brukast til mykje til dømes til pålegg, salat og ventar du gjestar er den flott som forrett.
Lett
30 min
Kan innhalde:
Skalldyr
Ingrediensar
Antal porsjonar
Reker/krepsehalar
Paprika raud/gul
Brokkoli
Rødløk
Fenikkel
Olivenolje
Sitronpepar
Dill
Sitron/sitronsaft
Gulrot (ei lita)
Lime
Framgangsmåte
- Veg opp rekene/krepsehalane.
- La skalldyra renne av i eit dørslag.
- Kutt brokkoli opp i små bukettar, bruk gjerne stilken.
- Kok opp litt vatn og forvell brokkolien raskt (3 min.)
- Avkjøl heilt og renn av brokkolien før du har den i mixen.
- Finkutt alle grønnsaker.
- Bland saman olje, sitronsaft, salt, dill og sitronpepar. Bruk eit litermål eller bolle og pisk lett saman med ein gaffel.
- Tøm dressingen over skalldyrsmixen og vend saman.
- La stå og trekke i kjøleskåp.
- Pynt med lime o.l før servering.
Næringsinnhald
PR. 100g
Energi kJ/kcal 349/84
Fett 4 g
-derav metta fett 0,6 g
Karbohydrat 3,5 g
-derav sukkerartar 2,7 g
Kostfiber 1,8 g
Protein 7,4 g
Salt 1 g
Tilsett sukker 0 g