Kjøleskåpsgraut med havregryn
Eit godt alternativ til brødskiva. Har ein lite tid om morgonen, så er dette kjekt å ha i kjøleskåpa. Dersom ein finn ein variant som borna likar, er dette òg ein god lunsj i barnehage, på skule eller som niste på tur.
Lett
30 min
Kan innhalde:
Gluten, Melk
Ingrediensar
Antal porsjonar
Lettmjølk 0,5%
Havregryn (ved behov bytt ut med glutenfrie)
Yoghurt naturell eller 0% vanilje yoghurt
Chiafrø
Kanel
Framgangsmåte
- Bland og rør godt saman.
- Legg over lokk og sett i kjøleskåpet.
- Spe med litt meir melk om grauten er tjukk.
- Tilsett smak no, eller ved servering.
- Legg på topping ved servering.
Næringsinnhald
PR. 100g
Energi kJ/kcal 452/108
Fett 3,6 g
-derav metta fett 0,6 g
Karbohydrat 11,7 g
-derav sukkerartar 4 g
Tilsett sukker 0 g
Kostfiber 5 g
Protein 6,3 g
Salt 0,1 g