Pasienthistorie - Kroppen sa stopp - Birgit si erfaring med rehabilitering
For tre år sidan merka Birgit at kroppen ikkje ville meir. Ho fekk symptom som stramme musklar, stiv nakke og hovudverk. Ho prøvde ulike behandlingar utan effekt, før ho forstod at det var ei totalbelastning over tid som gjorde at kroppen til slutt sa stopp.
Birgit er utdanna sjukepleiar og har jobba i yrket i 20 år. Ho beskriv seg som ein person som tek ansvar både på jobb og heime. Belastninga over tid tok på, og til slutt “møtte ho veggen”.
For å endre retning i livet har ho måtta bli kjent med kva som gjorde at ho “møtte veggen”. Rehabilitering og interessa for helse har ført til at Birgit er meir bevisst og prioriterar annleis. Birgit håpar at openheita kan bidra til at fleire får hjelp.
Måtte lage plass til seg sjølv i eige liv
Kva trur du er årsaka til at du møtte veggen?
Nokon treff veggen 120 km i timen, for meg var det museskritt i 10 år. Eg hadde ikkje noko tankar om at det var der eg var på veg. I ettertid har eg skjønt at eg tenkte veldig mykje på kva eg burde, skulle og lite eller ingenting på eigne behov. Kven er eg, kva likar eg, kva gjer meg glad og kva skal eg gjere for å fylle på var ikkje i tankane
Birgit fortel at ho var tappa for energi, og kjente ikkje lenger på livsglede, gnisten var borte og hadde gløymt seg sjølv. Ho måtte lære seg å prioritere seg sjølv.
Samansette plager hos pasientar ved Muritunet
Tala viser at mange har samansette plager, med muskel- og skjelettplager (57 %) og psykiske lidingar (37 %) som dei mest vanlege hovuddiagnosane. Mange som “møter veggen” har ei kombinasjon av fysiske og psykiske plager over tid.
Kva gjorde at du søkte til Muritunet?
Etter eit år med ulik hjelp for symptoma mine, foreslo legen rehabilitering. Valet falt på Muritunet, noko eg er evig takknemleg for. Tilbodet har hjelpt meg og vore nyttig.
Kva hadde skjedd om du ikkje fekk rehabilitering?
Eg veit ikkje kor eg hadde vore.... trur eg hadde vore skikkeleg deprimert om eg ikkje hadde fått hjelp. Kanskje eg hadde klart å halde det gåande ei stund til, men det hadde ikkje gått i det lange løp, seier ho.
Birgit fortel at ho er sikker på at ho hadde blitt skikkeleg sjuk om ho ikkje hadde fått rehabilitering. Det er liksom som før og etter, det kan ikkje samanliknast.
Tilbake i arbeid
Arbeidsretta rehabiliteringa har hatt stor innverknad på livskvaliteten hennar. Ho har lært mykje og er sikker på at opphaldet vil hjelpe ho vidare i livet.
No arbeidar eg tre gongar i veka. Eg får no energi av å jobbe i staden for at arbeidet tappar meg for energi, seier Birgitte.
Kva verktøy har du hatt bruk for i ettertid?
Når ting begynner å gå bra er det lett å gløyme alle dei tinga som er med på å gjere det fint. Det kan vere pusteøvingar, meditasjon og bevisstgjering. Viktig å minne seg på at ein må fortsette med det som fungerar, seier ho
Birgit har lært av å vere bevisst på tankane sine. Det gjer at ho no kan kjenne igjen negative tankemønster. Når ho klarar å stoppe tankane, då føle ho seg skikkeleg god.
Ikkje ver redd for å få hjelp
Birgit har eit råd til andre som er i same situasjon: “Ikkje ver redd for å få hjelp, om legen din begynn å snakke om Muritunet, då er du heldig, då får du hjelp.”
I starten var det vanskeleg og vere open om korleis ho hadde det. Å innrømme at livet er krevjande var vanskeleg. No tør ho å dele korleis ho har det, og håpar openheita vil gjere det lettare for andre i ein liknande situasjon.
Rehabilitering mykje meir enn berre fysisk trening
Kva er rehabilitering for deg?
Du såg bilde at dei var ute og trena, men det er mykje meir enn eg trudde. “Kropp og haud i kombinasjon”. Eg har alltid vore flink til å gå tur, men eg trengte meir det kognitive, tankar og følelsar for å komme i mål”
Rehabilitering er som Birgit forklarar komplekst og tverrfagleg. Formålet er å gjenvinne fysisk, kognitiv eller sosial funksjon. Ulike faggrupper samarbeider for å bidra til at du kan få tilbake ein kvardag du ønskjer.
Rehabilitering består blant anna av:
- Aktivitet
- Undervisning
- Kognitive verktøy
- Samtalar
Ein må gjere jobben sjølv
Rehabilitering er ein lang prosess og ein må gjere jobben sjølv. Ein kjem ikkje videre utan å ville gjere endringar. Det burde vore obligatorisk med eit minikurs i rehabilitering der ein fekk betre forståing korleis kropp, følelsar og tankar heng saman. Det hadde vore forebyggande for allmennhelsa. seier ho.
Birgit har hatt god nytte av rehabilitering. Det kan verke som ho har forstått kva som skal til for å få eit betre liv. Ho prioritetar annleis og har lært å ta vare på seg sjølv igjen. I tillegg er smile tilbake og ho har meir livsgnist.
Vi takkar for at Birgit ville dele si historie med oss på Muritunet.
Ved Muritunet si dagavdeling i Moa, Ålesund tilbyr vi poliklinisk arbeidsretta rehabilitering for personar som er, eller står i fare for å bli, sjukmelde på grunn av muskel- og skjelettplager eller psykiske lidingar. Målet er å styrke arbeidsevna og bidra til å kome tilbake i arbeid gjennom individuelt tilpassa oppfølging.
Arbeidsretta rehabilitering - poliklinikk
