Pasienthistorie - Om hjerteinfarkt, kvinnehelse og rehabilitering

Vi møter Rita (56) siste veka på rehabiliteringsopphold på Muritunet. Det er lite som tydar på at Rita for få månadar sida opplevde eit hjerteinfarkt og hjertestans.

Rita Og Hund

I det vi skal sette oss ned fortel ho om helga si. Ho har gått intervallar, frå sving til sving opp Ljøbrekka i heimbygda si Hellesylt. Intervall har ho ikkje drive med før, men etter ein prat med Rita er det ingen tvil om at dette er noko ho kjem til å fortsette med.

Rita har vore på rehabilitering saman med andre pasientar med hjertesjukdom og vi spør ho korleis det har vore.

«Det har vore mykje galgenhumor. I gruppa spør vi kvarandre kor mange hjerteinfarkt har du hatt? Eg leda, for eg har både det eine og det andre.»

Rita fortel videre at det ikkje er gitt at ho eller nokon av dei andre pasientane på hjerterehabilitering sitt her. Ho veit ho har vore heldig. Dagen ho fekk hjerteinfarkt fungerte alt som det skulle.

«Eg bor grisgrendt til, men sjukebilen var på Stranda og helikopteret hadde landeplass og ikkje var det skodde. Alt klaffa den dagen»

Vi lurar på kva Rita sjølv tenkjer er årsaka til at akkurat ho fekk eit hjerteinfarkt.

«Det er mykje genar i familien i tillegg til livsstil. På farsida har nesten alle hatt hjertesjukdom. Eg har vore ein røyker, men ellers vil eg seie at eg har levd eit relativt normalt liv.»

Kvifor valgte du Muritunet?

Rita fortel at ho først fekk plass på Volda sjukehus på eit dag-rehabiliteringsprogram.
 

«Det stressa meg veldig. 1,5 tima køyring for to timars arbeid to daga i veka»

Ho spurte sjølv fastlegen om å kunne bli søkt inn til Muritunet, og er i dag glad for at ho eit par månadar etter hjerteinfarktet fekk plass på eit hjerterehabiliteringstilbod .

«Då fekk eg det mykje meir komprimert og alt på ein plass. Det har vore veldig bra for meg.»

Lært mykje om seg sjølv og andre

Rehabiliteringsopphaldet har vore veldig fint, eg har lært mykje om meg sjølv og om andre. I tillegg er dei som jobba her heilt fantastiske. Rita fortel at dagen startar med frukost og skravling etterfulgt av intervall- eller bassengtrening. Etter trening er det undervisning som Rita synes det er kjekt å følge. Kveldane kan bli litt lange, men gir Rita tid til stillheit og ettertanke. 

«Det er så rart med det, du må lære deg å senke skuldrane. Du skal ikkje sette på ei vaskemaskin eller ta ut av oppvaskmaskina.»

Kvinnehelse må fram i lyset

Det er viktig å vite at det kan vere ulike symptom og at kvinnehelse blir tatt på alvor seie Rita. Fleire ville nok gått og lagt seg, men Rita var opplyst nok til å slå på alarmknappen. Ho kjende på eit ubehag i venstre arm, diffuse symptom samt at ho byrja å kaldsveitte. Ho la saman symptoma som til slutt gjorde at ho ringte 113.
 

Merk at i medisinsk forsking har det vore kjønnskeivheit fram til 1990-talet. Det var vanleg å tru at kvinner hadde same symptom som menn. Smerter i bryst og arm er vanlege symptom blant menn, men kvinner kan til dømes oppleve magesmerter, tungpust og smerter i kjeve. Symptoma for kvinner er meir diffuse ved hjarteinfarkt enn for menn. Dessverre kan uvitenheit om dette vere årsaka til at fleire kvinner har fått feil behandling eller døydd som følgje av underdiagnostisering. (Korsvik og Rustad, 2022)

KvinnerMenn
Uforklarleg tungpust og trøyttleikSmerte i bryst
HjertebankHjertebank
Influensaliknande symptomInfluensaliknande symptom
 
Anfallsliknande aktivitetAnfallsliknande aktivitet
 
Smerter i magenKortpustetheit
 
SvettingEkstrem svetting
 
Smerter i rygg, kjeve, nakke, armSvimmelheit
KvalmeKvalme
Smerte eller press i brystet 
Diffuse symptom 
Symptomforkjell på kvinner og menn i forkant av eit hjerteinfarkt

Muritunet ser heile mennesket

Muritunet ser heile mennesket og ikkje berre det hjerterelaterte. Rita har diabetes som også har blitt tatt hensyn til. Rita kjem med eit eksempel på kva ho meina med å sjå heile mennesket. Under ein samtale med primærkontakta fortel Rita at ho ikkje klarar å gripe rundt staven under stavgang på grunn av ein leddskade i handa. Primærkontakta ordna slik at ho fekk handtrening dagen etterpå.

«Dei forventningane eg hadde til Muritunet har blitt oppfylt. Eg har fått meir igjen enn eg trudde eg skulle få. Dei tilsette snakkar saman og vi høyre at dei er eit team.»

Trening har blitt mestring

Rita nevner trening og rutiner som noko av det viktigaste ho vil ta med seg frå opphalde. I tillegg ser ho annleis på livet etter ein samtale med ein av behandlarane, no tenkje ho meir på framtid.

«No er det greit, men kva om 5, 10 eller 15 år. Det handlar om resten av livet og eg vil vere her så lenge som mogleg.»

Rita har funne ut at spesielt matlaging stressa ho. Refleksjonen har ført til at ho no skal planlegge betre. I tillegg har trening blitt meistring. 

«Eg trena ikkje, men eg har alltid gått tur.»

Det har kome nokon nye “grønne vennar” som er med ho opp bakkane, som heiar på ho og som støttar ho. Rita forklarar at “grønne vennar” ikkje er ailiens, men alle dei positive tilsette på Muritunet som har gitt ho mental styrke og motivasjon. Dei har bidratt til at trening har gått frå å vere angstfullt til å bli noko ho meistrar. Til slutt er det noko viktig Rita ønskjer å få fram, noko som kan bidra til at fleire kan få hjelp i tide. 

«Eg hadde ikkje noko teikn på at det var eit hjerteinfarkt eg begynte å få. Det var ikkje låkt, det var mest som ein irritasjon i handa.»

Rita var på Stikk Ut tur da ho fekk ubehag i venstre arm. Ho pusta tungt, men tenkte at ho var i dårleg form etter vinteren. Ho gjekk heim frå tur og satt seg i sofaen.

«Så begynte det å surre litt, eg har lest mykje om kvinnehelse og lest mykje om at hjerteinfarkt for kvinne ofte kan vere ulikt menn, men ikkje kvar gong.»

Rita vart ikkje betre av å sette seg på sofaen og vart meir uvel. Ho tok opp telefonen og gjekk inn på eit anna rom for å ringe 113. Det var diffuse symptom, men AMK tok ho på alvor tvert. Takk til Rita som har delt historia si med oss på Muritunet. Vi håpar at fleire teke symptoma på alvor og ringer ein gong for mykje enn ein gong for lite.

Referanser: 

 

Forskning: Menn og Kvinner Med ulike symptomer ett døgn Før Hjertestans, Forsiden - dagens medisin. (2023)  Tilgjengelig på: https://www.dagensmedisin.no/f... 

Hjerteinfarkt hos kvinner - Egenomsorg, Livsstil | NHI.no (2019) Tilgjengelig på: https://nhi.no/livsstil/egenom... 

Hjerteinfarkt. (n.d.). Nasjonalforeningen for Folkehelsen. https://nasjonalforeningen.no/...

Hjerte Kvinnehelse Ulike symptom før hjertestans