Speltrundstykker
Gode speltrundstykker som er lette å lage og kjekke å ha i frysen. Denne oppskrifta gir ca. 16 rundstykker.
Medium
60 min
Kan innhalde:
Gluten av spelt (kveite), egg (pensling)
Ingrediensar
Antal porsjonar
Sammalt speltmjøl, finmalt
Siktet speltmjøl
Salt
Vatn, lunka
Appelsinjuice
Tørrgjær
Egg/vatn til pensling
Framgangsmåte
- Ha alle tørre ingrediensar i ein bakebolle.
- Tilsett lunka vatn, lunka appelsinjuice og olje.
- Elt deiga godt for hand eller i ein miksar.
- Dekk bakebollen med plast og la deiga heve til dobbel størrelse- ca.30 minutt.
- Ha deiga ut på eit lett mjølete bakebord, kna den og trill ut til pølse, del den i 16 emner.
- Trill kvart emne til eit rundstykke og legg dei på eit bakepapirkledd steikebrett.
- Dekk til og la dei heve i 15-20 minutt til.
- Sett steikeomnen på 180 grader, varmluft.
- Pensle med egg/vatn- strø over solsikkekjerner om ønskeleg.
- Steik rundstykka i 12-15 minutt.
- Avkjøl på rist.
Næringsinnhald
PR. 100g
Kj/kcal 950/226
Fett 4.3 g
-derav metta fett 0.7 g
Karbohydrat 34,6 g
-derav sukkerartar 2.4 g
Tilsett sukker 0 g
Kostfiber 5 g
Protein 9.7 g
Salt 0.4 g