Ruccolasalat

Denne salaten er frisk og god, enkel å lage og ser lekker ut. Godt tilbehør til kylling og fisk eller berre som salat åleine.

88 A7 C2 D94 D05498 FB382 E408 F39 EED28
Lett 30 min
Kan innhalde: Gluten av bygg
Ingrediensar
Antal porsjonar
Kokte byggryn
Ruccola (1 pk.)
Granateple
Grøne epler
Olivenolje
Sitronsaft
Grovmalen pepar
Salt (kan sløyfast)
Framgangsmåte
  1. Kok byggryna, avkjøl dei godt.
  2. Skyll ruccolaen og plukk vekk evt. stygge blad, tørk den litt.
  3. Vask epla og kutt i terningar.
  4. Del granateple i to og snu skall sida opp, bruk handtaket på kniven og dunk ut kjernene. Rensk vekk rusk.
  5. Bland alt saman i ei skål.
  6. Bland saman olje, sitron salt og pepar, tøm over salaten og kna lett inn i salaten.
  7. Servèr.
Du kan enkelt gjere salaten glutenfri ved å bytte ut byggryna med quinoa f.eks., det er ei proteinkjelde med deilig nøtteaktig smak. Du kan òg ha over fetaost, blåbær og kanskje valnøtter. Her er det rom for eksperimentering. Har ein i litt skinke, kylling eller laksebitar vert dette ein god mettande lunsj/middag. Då må ein berekne større mengde salat pr. person.
Næringsinnhald
PR. 100g
kJ/kcal 2.8g
Feitt 0.4g
Metta feitt 12.5g
Karbohydrat 5g
-derav sukkerartar 3g
-tilsett sukker 1.5g
Kostfiber 0.4g
Protein
Salt