Pølsegryte med eple, løk og selleri

Dette er Muritunets gode pølsegryte, denne er det mange som kanskje syns høres litt spesiell ut, men den vert ofte ein favoritt. Absolutt verdt å prøve. Server gjerne potetmos med pastinakk og salat til.

BAC980 E3590 D483 CA73 D081 F1387 C562
Lett 25 min
Kan innhalde: Selleri
Ingrediensar
Antal porsjonar
Go`og mager kjøttpølse
Grøne epler
Løk (mellomstor)
Sellerirot
Rapsolje
Kokosmjølk
Karri
Salt
Malt svart pepar
Grønnsaksbuljong
Vatn
Framgangsmåte
  1. Del pølsene på langs, så på tvers, slik at du får strimlar.
  2. Skjær løk i båtar.
  3. Skyll epla, del dei og ta ut kjernehusa. Del dei i båtar.
  4. Surr løken ilag med litt olje i steikepanna eller ei gryte.
  5. Ha i pølsene og vend til dei vert lett bruna.
  6. Vend inn selleri.
  7. Tilset eple, karri, pepar, buljong og kokosmjølk, rør inn. La småkoke litt. Rør forsiktig så ikkje epla blir most.
  8. Smak til med evt. meir salt eller krydder. Om du syns sausen er for tynn, kan du røre ut 2 ts maizenna i litt kaldt vatn og røre inn.
  9. Dryss gjerne over grovhakka persille før servering.

    Server gjerne med potetmos med pastinakk (oppskrift kjem snart) og salat.
Her kan ein god bruke strimla svinekjøt eller kyllingfilet om ein vil. Mange grønsaker som passar til, så her er det berre fantasien som set grenser.
Næringsinnhald
PR. 100g
Energi kJ/kcal 6,5g
Fett 2,5g
-derav metta fett 5,2g
Karbohydrat 3,3g
-derav sukkerarter 5,4g
Protein 1,5g
Salt 2,4g
Kostfiber 0,05g
Tilsett sukker