Meksikansk Bønnegryte

Eit "grønt" alternativ til tacoen?

CA51 DB1 DEF9543 C89 B250 DD635508447
Lett 40 min
Ingrediensar
Antal porsjonar
Purreløk
Kvitløk
Olje
Hermetiske tomatar (el. 4 modne tomatar)
Raud/grøn chili
Paprikapulver
Karve
Oregano
Sukker
Salt
Hermetiske raude bønner /kidney bønner
Frisk koriander
Framgangsmåte
  1. Skyll, rens og kutt opp løk, chili og kvitløk.
  2. Ha i 1 ss olje i ei kasserolle, tilsett kvitløk og løk og la det surre.
  3. Tilsett hakka tomat, chili, paprikapulver, karve, oregano, sukker og salt. 
  4. Kok dette på svak varme i ca. 5 minutt.
  5. Skyll dei hermetiske bønnene i kaldt vatn og ha dei i kasserolla.
  6. Mos med rotmoser i gryta.
  7. Tilsett vatn eller meir hermetiske tomatar til konsistensen blir slik at ein kan smøre blandinga på tortillas/lomper.
  8. Smak til med meir krydder.
  9. Dryss over fersk koriander rett før servering.

    (OBS! Tenkjer ein å bruke tørre bønner må desse leggast i bløyt i kaldt vatn natta over, skyll dei godt og kok dei i ca. 45 min).
Her kan ein bruke den type linser eller bønner ein måtte ønskje. Alternativt kan ein bruke 1 boks tomatbønner og 1 boks hermetiske kidneybønner. Endre lefsene til glutenfrie så er denne passende for dei med glutenallergi også.
Næringsinnhald
PR. 100g
Energi kJ/ kcal 1,3g
Fett 9,4g
Karbohydrat 2,2g
- derav sukkerartar 5g
Kostfiber 5,8g
Protein 0,5g
Salt 0,1g
- derav metta fett 0,2g
Tilsett sukker