Laksesalat
Ein frisk salat med avokado, eple og solsikkekjerner. Fin som rask middag ein travel dag, eller berre som ein mettande lunsj.
Ingrediensar
Antal porsjonar
Laksefilet
Olje (i steikeforma)
Blåbær
Salat (valgfri type)
Avokado
Eple (grønt, syrleg)
Solsikkekjerner
Vårløk
Framgangsmåte
- Sett steikeomnen på 180 grader over- og undervarme.
- Del laksefiletane i litt tjukke strimlar, legg dei i smurt steikeform.
- Strø over litt salt og pepper, og skvis ev. over litt sitronsaft.
- Steik laksebitane i steikeomnen i ca 12-14 minutt.
- Ta ut laksen og sett til side medan du startar på resten av salaten.
- Vask salat, eple, blåbær og vårløk- tørk av.
- Skjèr avokadoen i 4, trekk av skalet. Del den så i små terningar .
- Skjèr eplet i terningar og vårløken i tynne skiver.
- Legg alle grønnsakene, frukta og bæra i skåla med salaten.
- Rist solsikkekjerner v/ svak varme, strø dei over salaten.
- Valfritt: Bland 1 ss olivenolje,1 ts sitronsaft, ei klype salt og pepar i, og ha over salaten
- Legg laksebitane oppå salaten.
- Ha gjerne 2 ss honningkesam til (sjå oppskrift her i kokeboka)
Næringsinnhald
PR. 100g
Energi/kcal 672/162
Fett 12 g
- derav metta fett 1,75 g
Karbohydrat 1,7 g
- derav sukkerartar 1.7 g
Tilsett sukker 0 g
Kostfiber 2 g
Protein 10,8 g
Salt 0.1 g