2. Lim inn rett etter den innledende taggen: 2. Lim inn rett etter den innledende taggen: Muritunet | Grøn og guddommeleg salat

Grøn og guddommeleg salat

Vi på Muritunet har også fått med oss den virale Tik Tok salaten "green goddess" og måtte teste den- med nokre eigne vriar. Denne vart utruleg god og kokken ser for seg at den kan brukast til alt- nesten. Prøv da vel.

Green godd 2
Lett 15 min
Ingrediensar
Antal porsjonar
Spisskål/hodekål
Vårløk
Agurk
Eple, Granny Smith
Edamamebønner
Dressing:
Babyspinat
Frisk basilikum
Kinesisk kvitløk
Limesaft
Lettmajones
Salt
Kverna pepar
Fetaost
Framgangsmåte
  1. Start med å lage dressingen. Ha babyspinat, basilikum, kvitløk, limesaft, olje, majones, salt og pepar i ein vid arbeidsbolle. Smuldre over fetaost.
  2. Kjør sammen med stavmikser, kan bruke en blender eller foodprosessor også. 
  3. Kjør til glatt dressing. 
  4. Finsnitt spisskål og vårløk. 
  5. Skjær agurk i små terningar.
  6. Riv eplet grovt på eit rivjern så blender det seg fint inn i salaten.
  7. Ha alle grønnsakene opp i bollen med dressingen- også edamame bønnene. Edamamebønner kan man kjøpe frosne- tin dei då på førehand.
  8. Vend alt godt saman med ein slikkepott, eller ha på hanskar og bruk verdas beste verktøy- hendene. 
  9. Smak til salaten med salt (obs-fetaosten er salt i seg sjølv), pepar og limesaft.

Her kan man bruke alle grønne grønsaker ein ønskar. Har ein i skinke/kylling/eller laksebitar får ein ein god lunsj eller middagsrett med frisk smak, full av proteinar. 

Ein kan òg gjere dressingen magrare ved å bruke mager kesam og melkefri ved å bruke vegansk fetaost eller skjørost. 

Næringsinnhald
PR. 100g
kJ/kcal 289.2/69.4
Fett 4.1 g
-derav metta fett 1.5 g
Karbohydrat 3.1 g
-derav sukkerarter 2.9 g
Tilsett sukker 0 g
Kostfiber 2.2
Protein 3.9
Salt 0.4 g