Brokkoliburger med frø
Ein smakfull vegetarburger- prøv noko litt annleis på grillen kanskje?
Ingrediensar
Antal porsjonar
Fullkornsris (tørr)
Vatn (til å koke risen i)
Brokkoli (ca 1 heil)
Havregryn (små)
Solsikkekjerner
Gresskarkjerner
Egg (om ønskeleg)
Grønnsaksbuljong
Løkpulver
Malt muskat
Pepar
Kryddermengda er omtrentleg smak til etter eigen smak og behag
Framgangsmåte
- Skyll risen godt, bruk ein sil og skyll med kaldt vatn.
- Kok risen på svak varme, under lokk til vatnet er kokt inn, sil av om der er overskuddsvatn. Følg anvisning på pakken.
- Skyll og kutt brokkoli i mindre bitar. Damp brokkoli i ca 3-4 min, til den så vidt er mør. Avkjøl i kaldt vatn, og sil av.
- Ha ris og brokkoli i ein stor bolle eller i food prosessor. Tilsett resten av ingrediensane, og her kan du velge om du vil bruke løkpulver, eller finhakke 1/3 purreløk.
- Bland (ev. med stavmiksar) til du har ei grov farse. NB! Det skal ikkje bli graut, men fortsatt ha bitar i seg.
- Form 8-10 stk burgera, og steik i 1 ss olje i steikepanne til dei er gylne på begge sider.
Næringsinnhald
PR. 100g
Energi kJ/kcal 602/144
Fett 5.2 g
-derav metta fett 0.9 g
Karbohydrat 16.2 g
Sukker,tilsett 0 g
Fiber 3 g
Protein 6.3 g
Salt 0.8 g