Torsk i form med hakka tomat, basilikum og sitron

Ein kjapp og smakfull fiskerett.

0 C31 DE454621473 BB999 CF31 EABECB48
Lett 30 min
Kan innhalde: Fisk
Ingrediensar
Antal porsjonar
Torskefilet
Hakka tomatar
Sitron
Gulerøter (små)
Paprika
Kvitløk
Basilikum
Olivenolje
Honning
Salt
Pepar
Framgangsmåte
  1. Sett omnen på 180 gr.
  2. Vask sitronen og rasp det ytterste gule skalet. (Ikkje ta med det kvite, det gir ein bitter smak).
  3. Finhakk kvitløk, ha i ein bolle saman med sitronraspet. Rør inn honning, basilikum og olivenolje.
  4. Skrell og grovrasp gulerøtne.
  5. Vask og kutt paprika i små bitar.
  6. Bland inn grovhakka tomatar, paprika og raspa gulerøter i kvitløksblandinga. Rør saman.
  7. Ha tomatblandinga i ei ildfast form.
  8. Salte og pepre (bruk gjerne sitronpepar) fisken og legg oppå blandinga.
  9. Skvis over litt sitronsaft og sett inn i omnen.
  10. Steik i 15-18 minutt.
Servèr gjerne med salat, scones eller fullkornsris. Krydder mengda varierar du berre etter smak, kutt kvitløk om du ikkje er begeistra for det eller bruk chili istaden for pepar. Kanskje dill er betre enn basilikum? Ha i fennikel og finkutta purrelauk kanskje. Prøv og smak deg fram til din favoritt variant.
Næringsinnhald
PR. 100g
Energi,kJ/kcal 3.2g
Fett 0.4g
-derav metta fett 5.6g
Karbohydrat 4.2g
-derav sukkerarter 0.7g
Kostfiber 13g
Protein 0.7g
Salt