Proteinrundstykker med gulrot
Desse er raske å lage om ein er i tidsnød. Mykje godt i desse. Enkle å lage glutenfrie, bruk bokkveite og glutenfri havregryn. Denne oppskrifta gir ca. 6 stykker.
Lett
40 min
Kan innhalde:
Egg, melk, gluten av havre (om ein brukar det)
Ingrediensar
Antal porsjonar
Egg
Cottagecheese
Gulrot
Chiafrø
Bokhvetemjøl eller havremjøl
Havregryn
Bakepulver
Salt
Framgangsmåte
- Sett steikeomnen på 180 gr.(over-/undervarme).
- Kle eit steikebrett med bakepapir.
- Skrell gulerøtene. Bruk eit rivjern og riv gulerøtne direkte i ein bakebolle.
- Ha i egg og cottage cheese i bollen, kjør glatt med ein stavmiksar.
- Tilsett chiafrø, bokkveite/havremjøl, havregryn og bakepulver og salt.
- Bland godt saman.
- La deigen stå i ca.10 minutt før du formar deiga til rundstykker på ca.60 g per stykk.
- Ha gjerne kaldt vatn på hendene så slepp du kliss.
- Strø over chiafrø eller havregryn til pynt (valfritt).
- Steikast i midt i omnen i ca. 15-20 minutt (følg med og sjekk), til dei er gyldne.
- Avkjøl på rist.
- Nytast ferske med godt pålegg eller du kan fryse dei og ta opp ved behov.
Næringsinnhald
PR. 100g
Energi kJ/kcal 713/170
Fett 5.6 g
-derav metta fett 1.9 g
Karbohydrat 18 g
Sukker,tilsett 0 g
Kostfiber 3.1 g
Protein 11 g
Salt 0.7 g
-derav sukker 1.9 g