Grønnsakschips
Nydeleg og smakfulle chips til helgakosen eller kanskje som salat topping?
Lett
30 min
Ingrediensar
Antal porsjonar
Framgangsmåte
- Her brukar du dei rotgrønnsakene du likar og kuttar opp dei mengdene du vil ha.
- Tips kan være søtpotet, pastinakk, grønkål, selleri, rødbeter, kålrot eller gulrot.
- Skjer grønnsakene i så tynne skiver som råd.
- Har du ein mandolin (rivjern eller såkalla "svigermor") så kan du godt bruke det. Still inn på en omlag 5mm. Ellers bruk en skarp kniv og skjer skiver.
- Rensk og skrell grønnsakene. Grønnkålen bør ein ta vekk dei grovaste stilkane og rive blada grovt opp, knip dei godt inn med olje og krydder.
- Ha grønnsakene i ein bolle, slå over litt olje og litt salt.
- Bland lett saman med hendene slik at alt får olje og krydder på seg. (tips: ikkje bland rødbetane inn ilag m det andre for då vert alt rosa.)
- Grønkålen treng kanskje litt kortare steiketid så ha den i ei form for seg sjølv.
- Legg eit bakepapir på eit steikebrett og fordel grønnsakene godt utover.
- Steik midt i omnen i 10-15 minutt, eller til dei er tørre og sprø- følg med inne i omnen, det kan fort bli brent.
- Ta ut av omnen og avkjøl.
Næringsinnhald
PR. 100g