Grove Nanbrød

Desse passar både til frokost, lunsj, middag og kvelds. Her kan ein variere med urter oppå og ulike krydder i.

D09 A8 EE86 FBB4 C49 A3 EBA76437 C32 A73
Lett 85 min
Kan innhalde: Gluten frå kveite og havre, melk og egg.
Ingrediensar
Antal porsjonar
Fersk gjær
Vatn (lunkent)
Honning
Fin sammalt kveite
Havremjøl
Havregryn
Kveitemjøl
Lettmelk
Salt
Egg
Rapsolje
Mager kesam
Framgangsmåte
  1. Bland ut gjæra i fingerlunkent vatn, i lag med honninga. 
  2. Bland alt det tørre i ein bolle. I oppskrifta står det 100g kveitemjøl, dette brukast til å elte deiga tilslutt om det trengs meir mjøl.
  3. Tilset egg, olje, mager kesam og gjærblandinga.
  4. Elt i ca 10 minutt. 
  5. Lat heve i ca.60 minutt.
  6. Sett omnen på over-/undervarme på max temperatur (250 gr.)
  7. Set inn bakeplatene i omnen slik at dei vert varme. 
  8. Del deigen i 8 emner, trykk kvart emne ut til en runding (ca.0,5 cm tjukke), eller bruk kjevle. Legg på bakepapir.
  9. Når omnen og bakeplata er varm nok, ta ut av omnen, smør raskt med olje og legg nan brøda på varme steikebretta. Sett raskt inn nederst i omnen. FORSIKTIG NO!

    Her må ein følge med og gjerne snu brøda på steikebrettet innimellom. Steik på 4-5 minutt på kvar side, sjekk dei. Sett dei gjerne midt i omnen i nokre minutt når dei har fått god steikeskorpe på seg. (Totalt 14-15 minutt i omnen).

    Gjenta til alle er steikt.

    Ein kan teste å bruke sveletakka om ein har det, eller varm steikepanne for å gi brøda steikeoverflate også sette dei inn i steikeomnen for siste steiking om nødvendig. Kesamen gjer at baksten kan kjennast litt "tung".
Næringsinnhald
PR. 100g
kJ/kcal 5g
Fett 1g
Metta fett 30,5g
Karbohydrat 5,8g
-derav sukkerarter 0g
Sukker ,tilsett 9,5g
Protein 0,4g
Salt