Grove hamburgerbrød
Bruk desse til Muritunets magre hamburgarar. Denne oppskrifta gir ca. 10 stk.
Ingrediensar
Antal porsjonar
Vatn (lunka)
Fersk/ tørrgjær
Fiberhusk
Havregryn
Fin sammalt kveite
Kveitemjøl
Salt
Framgangsmåte
- Bland lunkent vatn, gjær og fiberhusk.
- Rør godt når du har i fiberhusken, så det ikkje klumpar seg.
- La det stå i 5 min. Ha god plass der du rører det ut, for dette svell veldig opp.
- Ikkje la det verte kaldt.
- Bland alt det tørre, hald att litt av mjølet .
- Ha i fiberhusk/gjær blandinga og elt i 5 - 10 min.
- Hev til dobbel størrelse. Bak ut bollar som skal vege ca 80 gr.
- Legg dei på brett med bakepapir. Trykk dei litt flate og etterhev til dobbelstørrelse.
- Pensle dei med vatn og strø på sesamfrø rett før steiking.
- Steik midt i omnen på 225 gr i "vanleg" omn - 180 gr i varmluftsomn.
- Steik i 12-15 minutt , til bollane er gylne.
- Ta ut og ha over på ei rist for avkjøling.
Næringsinnhald
PR. 100g
Energi kJ/kcal 853/ 202
Fett 1,5 g
Karbohydrat 36,2 g
Kostfiber 6 g
Protein 8 g
Salt 0.6 g
- derav metta fett 0,2 g
-derav sukkerarter 0,4 g
Tilsett sukker 0 g