Byggrynskrem
Ein mektig dessert. Vi har "sunnifisert" denne gamle oppskrifta, men den er knallgod enda.
Lett
45 min
Kan innhalde:
Gluten av bygg, melk.
Ingrediensar
Antal porsjonar
Byggryn
Vatn
Skumma melk
Kremfløyte
Vaniljekesam (mager)
Vaniljesukker
Mandeldråpar
Framgangsmåte
- Legg gjerne byggryna i vatn dagen før. Dette er ikkje ei nødvendigheit, men ein sparar seg noko koketid.
- Slå av vatnet på gryna før koking.
- Ha på nytt vatn og melk, kok under omrøring.
Kok i ca. 15 minutt. - Når byggryna er mjuke nok, ta dei av plata og la dei verte heilt avkjølt.
- Pisk kremfløten med sukrin/sukker.
- Bland inn vaniljekesamen.
- Rør inn kalde byggryn, smak evt. meir til, ha i mandeldråpane om ein likar det.
- Server med gode bær eller raudsaus til.
Næringsinnhald
PR. 100g
Energi kJ/kcal 873/210
Feitt 15,2 g
Metta feitt 9,8 g
Karbohydrat 12,7 g
Sukker-tilsett 0,8 g
Kostfiber 1,5 g
Protein 4,8 g
Salt 0,1 g