2. Lim inn rett etter den innledende taggen: 2. Lim inn rett etter den innledende taggen: Muritunet | Byggrynskaker | Sunne oppskrifter frå Muritunet

Byggrynskaker

Desse byggrynskakene er ein av vegetarmiddagane på Muritunet. Desse er basert på oppskrift frå Besta si tid men modernisert med litt gode nye smakar. Utruleg smakfulle, lette å lage og mettande.  Denne oppskrifta gir 10-12 grynkaker alt etter kor store du vil ha dei.

Grynkaker2
Medium 50 min
Kan innhalde: Gluten av bygg, egg, sesam, selleri
Ingrediensar
Antal porsjonar
Byggryn
Løk, gul
Sellerirot
Gulrot
Purreløk
Spisskummen. malt
Provence krydder
Sesamfrø
Salt
Pepar, grovmalt
Grønnsaksbuljong
Potetmjøl
Framgangsmåte
  1. Start med å bløytlegge byggryna kvelden før. Bytt vatn- kok dei i ca. 10 minutt, dei skal helst være litt faste og ikkje for mykje kokt, då vert grynkakene kleimete (som vi seie på Sunnmøre). 
  2. Skyll byggryna i kaldt vatn og la dei renne av og avkjøle seg i eit dørslag. 
  3. Finrasp grønnsakene, bruk eit rivjern eller finaste raspa på foodprosessoren. Det går òg an å bruke kverna på miksmasteren, personleg synes kokken det er godt med litt grovare grønnsaker i desse. 
  4. Ha grønsakene i ein litt god, stor arbeidsbolle,
  5. Bland byggryna, egga, potetmjøl og krydderet i dei revne grønnsakene. 
  6. Ha på hanskar og kna godt saman. 
  7. Bruk henden å forme til karbonade størrelse.
  8. Steik grynkakene i steikepanne med litt olje i. La dei ligge og få god steikeskorpe før du prøvar på å snu dei, da setter dei seg sammen og det er mindre sjanse for at dei dett frå kvarandre- men det lærer du fort ;) 
  9. Du kan gjerne lage ei lita prøvekake for å kjenne på smaken og justere krydder.
  10. Steik grynkakene til dei har fin steikeskorpe på kvar side, legg dei i ildfast form og steik i 10 minutt i steikeomnen (150 gr. varmluft)- sjekk at dei er gjennomsteikte.
  11. Det kan etterkvart som grønnsaksblandinga står verte litt væske i den, du kan då prøve ha i litt meir potetmjøl, eller klemme ut litt væske med hendene når du formar grynkakene. 

Prøv desse med rødbetsalaten som tilbehøyr eller ein enkel grøn salat og raita`en du finn her i kokeboka eller kanskje den Grøn og Guddomelege salaten? 

Næringsinnhald
PR. 100g
kJ/kcal 757/180.5
Fett 6.4 g
-derav metta fett 1.4 g
Karbohydrat 21.1 g
-derav sukkerarter 1,8 g
Tilsett sukker 0.1 g
Kostfiber 4.3 g
Protein 7.5 g
Salt 1.5 g