2. Lim inn rett etter den innledende taggen: 2. Lim inn rett etter den innledende taggen: Muritunet | Bananbrød | Sunne oppskrifter frå Muritunet

Bananbrød

Kokken har funne ein nydeleg måte å få brukt alle dei overmodne bananane som innimellom hopar seg litt opp på kjøkkenbenken. Bananbrød- sunt utan tilsett sukker og enkelt å gjere glutenfritt. 

Bananbrød 1
Lett 70 min
Kan innhalde: Gluten av havre, melk, egg
Ingrediensar
Antal porsjonar
Egg
Lettmelk
Havregryn
Banan
Vaniljesukker
Bakepulver
Salt
Chiafrø
Framgangsmåte
  1. Sett steikeovnen på 180 grader varmluft. 
  2. Pisk lett saman melk og egg.
  3. Blend havregryn til mjøl (evt. bruk havremel).
  4. Bland alt det tørre i eggeblandinga, ha i ei lita klype salt.
  5. Mos 2 1/2 banan med stavmikser eller lignende og rør godt inn saman med resten. 
  6.  Kle brødforma på 1-1,3 liter med bakepapir. 
  7. Hell i røra.
  8. Del siste halve banan i tynne skiver eller på langs og legg oppå som pynt.
  9. Sett inn i ovnen midt i .
  10. Følg med og legg gjerne over et bakepapir om den blir veldig mørk. 
  11. Når steiketida er over stikk ned i med trepinne for å sjå at den er ferdig, la evt stå litt til.
  12. Ta ut av ovnen.
  13. Løft brødet forsiktig ut av forma, hald i bakepapiret og over på rist for avkjøling - la bakepapiret være på.

Server med mager vaniljekesam og bær eller nyt den som den er, kjempegod når den er lun.  

Ein kan òg ha i grovhakka mørk 70% sjokolade om ein ønsker det. Kanel er godt i, same er litt sitron saft/skal, her kan ein variere litt etter smak og behag. 

Kutt overmoden banan i skiver og frys ned om du ikkje har anledning å bake idag, ta dei opp og bruk ved anledning i bakst eller smoothier. 

Næringsinnhald
PR. 100g
kJ/kcal 603/143
Fett 3,7 g
-derav metta fett 0,9 g
Karbohydrat 19,6 g
-derav sukkerarter 7,5 g
Tilsett sukker 0,5 g
Kostfiber 3,3 g
Protein 6,4 g
Salt 0,5 g