Pain Reprocessing Therapy (PRT) – Ein framtidsretta metode for menneske med langvarige smerter
I dokumentarserien «Harald og sytepavene» på VGTV følgjer de seks pasientar med langvarige smerter – i rygg, mage, fot og hender – som får åtte behandlingstimar med Pain Reprocessing Therapy (PRT). Resultata er oppsiktsvekkande: Alle deltakarane rapporterer betring, og fleire opplever ei dramatisk reduksjon i smerte. Éin pasient har vore plaga i heile 25 år før behandlinga snudde alt. (1)
Muritunet satsar på PRT
Muritunet har allereie teke grep for å styrke kompetansen på PRT. Med støtte frå BIO-midlar, gitt av Møre og Romsdal fylkeskommune, har vi starta eit kunnskapsløft for å kunne tilby betre hjelp til menneske med langvarige smerter. Først ut er dagavdelinga ved Muritunet på Moa.

Vi er svært glade for å ha fått innvilga støtte til kompetanseheving på dette feltet, takka vere BIO-midlar. For tida er dagavdelinga på Moa først ute i opplæringsløpet. Vi les fagstoff, får undervisning og jobbar med ulike case. Metoden vil bli gradvis implementert utover vinteren.
Smerte utan skade? PRT gir nye svar
Nyere forskning viser at hjernen kan mistolke ufarlige signaler fra kroppen som truende og sende smertesignal, selv uten vevsskade i kroppen. Smerte kan dermed «lagrast» i kroppen over tid. Det er viktig å understreke at pasientar blir trudd. Smerta dei kjenner er reell. Den nye forskinga handlar om kva som skjer fysiologisk i kroppen når smerte blir langvarig, og korleis omgivingar, følelsar og frykt kan påverke opplevinga av smerte. PRT er ei moderne og forskingsbasert metode for behandling av slike smerter (for videre forsklng sjå under). (3)
Kvifor dette er viktig for oss
Vi har pasientar med langvarige smerter, der nokre har sterkt redusert funksjon og livskvalitet. Smerte, uavhengig av styrke eller lokalisering, påverkar oss i stor grad. Difor har vi eit ønske om å bidra til betre helse og redusert smerte hos våre pasientar.
PRT kan vere spesielt nyttig for pasientgruppene våre innan Langvarige muskel- og blautdelssmerter, Kompleks rehabilitering og Arbeidsretta rehabilitering. Vi trur også at metoden kan ha overføringsverdi til andre rehabiliteringstilbod.
Høgaktuell metode
Er du nysgjerrig på metoden, anbefaler vi å sjå serien «Harald og sytepavene» på VGTV. Der får du eit nært innblikk i korleis PRT fungerer i praksis. Ein av deltakarane sa: «Hjerna er enkel, men likevel så kompleks.» Det er nettopp her vi har mest å lære – og kanskje berre har skrapa i overflata av smertefeltet. (2)
Muritunet ønskjer å lære, utforske og ta i bruk PRT som ein ny metode i vår smertebehandling. Først må vi gjennom grundig opplæring og kompetanseheving. Målet vårt er at dei første pasientane skal få tilbod om PRT i løpet av 2026.
Les meir om smerte her
Referanser:
(1) Reme, S. E., & Pahle, A. (2025, August 26). For godt til å være sant, mente Harald Eia om ny smertebehandling. Kunne vi vise at det faktisk stemte? Aftenposten. https://www.aftenposten.no/meninger/kronikk/i/8qgBvw/harald-og-sytepavene-personer-med-langvarige-smerter-blir-friske-gjennom-en-ny-behandling-potensialet-er-enormt
(2) VGTV. (n.d.). VGTV. https://tv.vg.no/
(3) Kunnskapsgrunnlag på PRT
Ashar YK, Gordon A, Schubiner H, Uipi C, Knight K, Anderson Z, Carlisle J, Polisky L, Geuter S, Flood TF, Kragel PA, Dimidjian S, Lumley MA, Wager TD. Effect of Pain Reprocessing Therapy vs Placebo and Usual Care for Patients With Chronic Back Pain: A Randomized Clinical Trial. JAMA Psychiatry. 2022 Jan 1;79(1):13-23. doi: 10.1001/jamapsychiatry.2021.2669. PMID: 34586357; PMCID: PMC8482298.
Bakken AK, Mengshoel AM, Synnes O, Strand EB. Acquiring a new understanding of illness and agency: a narrative study of recovering from chronic fatigue syndrome. Int J Qual Stud Health Well-being. 2023 Dec;18(1):2223420. doi: 10.1080/17482631.2023.2223420. PMID: 37307500; PMCID: PMC10262810.
Lumley MA, Schubiner H. Emotional Awareness and Expression Therapy for Chronic Pain: Rationale, Principles and Techniques, Evidence, and Critical Review. Curr Rheumatol Rep. 2019 May 23;21(7):30. doi: 10.1007/s11926-019-0829-6. PMID: 31123837; PMCID: PMC7309024.
Ray O. How the mind hurts and heals the body. Am Psychol. 2004 Jan;59(1):29-40. doi: 10.1037/0003-066X.59.1.29. PMID: 14736318.
Schubiner H, Lowry WJ, Heule M, Ashar YK, Lim M, Mekaru S, Kitts T, Lumley MA. Application of a Clinical Approach to Diagnosing Primary Pain: Prevalence and Correlates of Primary Back and Neck Pain in a Community Physiatry Clinic. J Pain. 2024 Mar;25(3):672-681. doi: 10.1016/j.jpain.2023.09.019. Epub 2023 Sep 28. PMID: 37777033.
Van den Bergh O, Witthöft M, Petersen S, Brown RJ. Symptoms and the body: Taking the inferential leap. Neurosci Biobehav Rev. 2017 Mar;74(Pt A):185-203. doi: 10.1016/j.neubiorev.2017.01.015. Epub 2017 Jan 17. PMID: 28108416.
Gordon, A., & Ziv, A. (2021). The Way out : a revolutionary, scientifically proven approach to healing chronic pain. Avery.