Lunge/KOLS - Dagtilbod

Tilbodet er for personar med alle typar lungesjukdom, men i hovudsak til dei med KOLS og astma.

Måle Puls

Mål for oppholdet
Å bygge meistringsstrategiar som kan bidra til betre helse og livskvalitet, og å oppretthalde aktivitet i kvardagen og i arbeidslivet.

Tiltak
Gruppebasert tilbod med variert fysisk aktivitet og undervisning. Sentrale undervisningstema er relatert til helse, kosthald, aktivitet og deltaking i kvardagen. Individuelle tilpassingar vert gitt ut frå mål for rehabiliteringa og faglege vurderingar. 

Organisering
Dagbasert tilbod over 7 til 11 veker. Eit tverrfagleg team sett saman av fysioterapeut, klinisk ernæringsfysiolog, lege, sjukepleiar, idrettspedagog og ergoterapeut samarbeider om å følge opp pasienten under opphaldet. Oppfølging av arbeidskonsulent ved behov. 

Kontakt med eksterne
Ved behov blir kontakt etablert med eksterne samarbeidspartar som fastlege, pårørande, NAV, arbeidsgivar eller andre som er viktige i rehabiliteringsprosessen.

Eigenandel

  • Add commentMore actions Personar innsøkt via avtale med Helse Midt-Norge RHF har ein eigenandel på kr 163,- per døgn i 2025.
  • Add commentMore actions Ved vedtak om godkjent yrkesskade betaler du ikkje eigenandel. Ta med kopi av vedtaket frå NAV.
  • Add commentMore actions Eigenandelstaket for 2025 er kr. 3278,- for alle tenestene.