Praktisk informasjon
Dagtilbod
Dette trenger du å vite før opphaldet
Lokala våre ligg i Daaeskogen Næringsbygg, 2. etasje
Første dagen du er hos oss, startar med eit velkomstmøte. Der vil du bli kjend med teamet og tilbodet. Du får praktisk informasjon og ei omvising. Det blir god tid til eventuelle spørsmål.
For bussruter, sjå frammr.no eller ring 177. Det er 5 minutt å gå frå busstasjonen til oss. For drosje, kontakt fastlegen din. Spørsmål om reiseutgifter? Ring pasientreiser på 05515. Vi har ikkje eigne parkeringsplasser, men det er mykje tilgjengelig i området rundt.
Eigenandelen er kr. 163,- pr. dag. Eigenandelstak er pr. 1.1.2025 kr 3278.- Når dette beløpet er nådd vil du automatisk få frikort. For polikliniske konsultasjoner er eigenandelen 386,- pr konsultasjon, ein betalar 2 eigenandeler totalt. Dersom ein ikkje møter (og ikkje har meldt avbud) er det ikkje møtt gebyr på kr 1612,-
Når du har fått plass på rehabilitering får du informasjon i posten om tidspunkt, og når det nærmer seg oppstart kjem det meir informasjon både pr post og på sms.
Resepsjon, garderobe med låsbare skap, kjøkken der vi serverer lunsj kvar dag, undervisningsrom, behandlingsrom, samtalerom, kvilerom, treningssenter og gruppesal der det også er garderober med låsbare skap, dusj og badstu.
Lunsjbuffet er inkludert og serveres kvar dag. Sei i frå før oppstart dersom du har allergier.
To og tre dager annakvar veke. Kjernetid ca 09.30-14.30.
Nulltoleranse for alkohol og rusmiddel. Røyking ikkje tillatt. Kontakt oss for røykekuttkurs.
Ta med treningsklede, sko til inne og ute, og handduk. Du er ansvarleg for dine eigendelar.
På rehabilitering vil du få tildelt ei primærkontakt, undervegs vil du bli følgt opp av eit tverrfagleg team. Du vil få utdelt ein timeplan som forteljar deg korleis veka di ser ut. I løpet av eit opphald vil du få undervisning om ulike tema, lære å bruke kognitive verktøy, det vil vere aktivitetar ute og inne.
Varierer alt etter kva type rehabiliteringstilbod; Langvarig smertegruppe: 7 veker (oppmøte tirs og tors i oddetallsveker, tirs tors og fre i partall) Arbeidsretta rehabilitering: 8 veker (oppmøte man og ons i oddetallsveker, man, onsd og fre i partallsveker).
Lunge/Kols: 7 veker (oppmøte man, onsd og fre i oddetallsveker, man og ons i partall). Livsstilsendring - Fedme: 6 veker med frammøte to og tre dagar annankvar veke. Det vil bli gitt oppfølging etter oppholdet.
Treng du sjukmelding, ta kontakt med fastlegen din før opphaldet. Av omsyn til allergikarar ber vi deg vere varsam med å bruke parfymerte produkt
Bli betre kjent med oss
Senteret ligg i Daaeskogen på Moa, i Ålesund kommune. Vi har treningsfasilitetar tilknytt Family Sportsklubb, møterom, behandlingsrom og kjøkken. Faggruppene har tverrfagleg kompetanse og arbeider saman for å hjelpe deg å meistre kvardagen. Velkomen til oss.
Pasienthistorie
Få eit innblikk i korleis Birgit opplevde rehabilitering på dagavdelinga. Ho gjenoppdaga livsgnisten og lært åxx ta vare på seg sjølv igjen. Hennar historie er eit sterkt døme på effekten av arbeidsretta rehabilitering.