Pølsegryte med eple, løk og selleri
Dette er Muritunets gode pølsegryte, denne er det mange som kanskje syns høres litt spesiell ut, men den vert ofte ein favoritt. Absolutt verdt å prøve. Server gjerne potetmos med pastinakk og salat til.
Lett
25 min
Kan innhalde:
Selleri
Ingrediensar
Antal porsjonar
Go`og mager kjøttpølse
Grøne epler
Løk (mellomstor)
Sellerirot
Rapsolje
Kokosmjølk
Karri
Salt
Malt svart pepar
Grønnsaksbuljong
Vatn
Framgangsmåte
- Del pølsene på langs, så på tvers, slik at du får strimlar.
- Skjær løk i båtar.
- Skyll epla, del dei og ta ut kjernehusa. Del dei i båtar.
- Surr løken ilag med litt olje i steikepanna eller ei gryte.
- Ha i pølsene og vend til dei vert lett bruna.
- Vend inn selleri.
- Tilset eple, karri, pepar, buljong og kokosmjølk, rør inn. La småkoke litt. Rør forsiktig så ikkje epla blir most.
- Smak til med evt. meir salt eller krydder. Om du syns sausen er for tynn, kan du røre ut 2 ts maizenna i litt kaldt vatn og røre inn.
- Dryss gjerne over grovhakka persille før servering.
Server gjerne med potetmos med pastinakk (oppskrift kjem snart) og salat.
Næringsinnhald
PR. 100g
Energi kJ/kcal 439/106
Fett 6,5 g
-derav metta fett 2,5 g
Karbohydrat 5,2 g
-derav sukkerarter 3,3 g
Protein 5,4 g
Salt 1,5 g
Kostfiber 2,4 g
Tilsett sukker 0,05 g