Lymfødem

Komplett fysikalsk lymfeødembehandling for personar med både primær og sekundære lymfeødem, der oppfølging i primærhelsetenesta ikkje er tilstrekkeleg.

Bandasje

Målsetting
Å bygge meistringsstrategiar som kan bidra til betre helse og livskvalitet, og å oppretthalde aktivitet i kvardagen og i arbeidslivet.

Presisering av målgruppa
1) Primær lymfødem er omfatta av eit kompleks sjukdomsbilete og med behov for rehabilitering.

2) Sekundær lymfødem kan førekome etter sjukdom, tilstand eller kirurgisk inngrep på lymfeknutar eller lymfeårar. Årsaker til sekundær lymfeødem kan vere etter kreftbehandling, særleg brystkreft og livmorhalskreft, kirurgiske inngrep i lyske eller armhole, betennelse i lymfeknutar og visse tropiske sjukdomar (Filariasis).

Tiltak
Manuell lymfedrenasje, kompresjonsbehandling (bandasjering/strømpetilpassing), samt øvingar.

Organisering
Døgnbasert tilbod over 2 veker. 

Eit tverrfagleg team sett saman av spesialfysioterapeut, lege, ergoterapeut, sjukepleiar, idrettspedagog og ernæringsrådgivar samarbeider om å følge opp pasienten under opphaldet. Oppfølging av arbeidskonsulent ved behov.

Kontakt med eksterne
Kontakt blir ved behov etablert med eksterne samarbeidspartar som fastlege, pårørande eller andre som er viktige i rehabiliteringsprosessen. 

Eigenandel

  • Add commentMore actions Personar innsøkt via avtale med Helse Midt-Norge RHF har ein eigenandel på kr 163,- per døgn i 2025.
  • Add commentMore actions Ved vedtak om godkjent yrkesskade betaler du ikkje eigenandel. Ta med kopi av vedtaket frå NAV.
  • Add commentMore actions Eigenandelstaket for 2025 er kr. 3278,- for alle tenestene.