2. Lim inn rett etter den innledende taggen: Muritunet | Gode grønnsaker

Gode grønnsaker

Her er eit utvalg av grønnsaker ein kan få kjøpt direkte frå bonden. Tips: sjå litt rundt i lokalsamfunnet om der er nokon som har utsalg. Ein kan finne veldig mykje godt og annleis enn det som vert selgd i butikk. (Desse grønnsakene har vi fått frå Storstova i Valldal).

24 EC8 A6414094 D929580 EFFB20065 D1 A
Lett min
Ingrediensar
Antal porsjonar
Valfri mengde- anbefalt mengde grønnsaker/frukt/bær er: 5-800 g per dag
Framgangsmåte
  1. Noko av det du ser på biletet:
  2. Grønnkål : ein vitaminrik kål sort, rik på vitamin C og lutein, i tillegg til rik på jern. Grønkålen kan brukast i varme og kalde rettar (wok, smoothie og liknande). I tillegg kan ein lage det til snacks ved å tørke dei litt i steikeomnen, oppskrifter med grønkålchips finn du i kokeboka vår.
  3. Svartkål: rik på vitamin A, C og E. Denne kan du nytte som grønkålen.
  4. Rødbet: ein supergrønnsak, rik på kostfiber, B vitaminet folat og ei god kjelde til kalium. Det finst mange oppskrifter med raudbeter, den kan brukast varm og kald, i smoothie, til rotgrønnsakschips, i supper, dressingar (prøv til dømes å lage rødbethummus), omnsbakte eller kokte.
  5. Polkabete og gulbete: desse er litt mildare enn rødbeten, men like i smak. Bruk i salatar eller omnsbakt som tilbehør til middagen. 
  6. Gresskar: inneheld svært lite kaloriar og karbohydrat. Den har høgt innhald av betakaroten, rik på kostfiber og ei kjelde til kalium. God omnsbakt i salatar eller som suppe.
  7. Blå Kongo (ein potetsort som er lilla inni): rik på antioksidantar, næringsinnhaldet er lik vanleg potet, men inneheld litt meir stivelse og fiber. Er ei god kjelde til vitamin C, kalium og har lavt fettinnhald.
  8. Regnboge gulrøter: har lignande næringsinnhald som vanlege gulerøter, rike på betakaroten som omdannast til vitamin A, inneheld kostfiber og kalium blant anna. 
  9. Rødkål: inneheld mykje fiber, vitamin C, folat og antioksidantar m.m. , er næringsrik med lavt kcal innhald.
  10. Cherry tomatar: kcalfattige, smaksrike og er ei god kjelde til vitamin C, fiber, antioksidantar, kalium m.m.
  11. Kvitlauk: rik på næringsstoff. Er ei god kjelde til vitamin B6, Vitamin C, mangan og selen, i tillegg til ein del bioaktive forbindelsar som antakast ha helsefordeler. 
  12. Knutekål: næringsrik grønsak, inneheld kostfiber, karbohydrat, protein og vitaminer og mineralar som blant anna folat og kalium. 
Det er stadig aukande popularitet med å kjøpe grønsaker, frukt og bær rett fra bonden/produsent. Ein ser ofte at dei sett opp boder og utsalg som det går på tillitsprinsippet der ein tek det en vil ha og vippsar/legg att penger. Finn ein et utsalg så kan ein finne mykje spennande- utforsk litt i nærområdet .
Næringsinnhald
PR. 100g