Fritidstilbod på Muritunet
Vi legg til rette for ei aktiv fritid
Uteområdet
Hos oss finn du eit uteområde som er godkjent som helsesportanlegg. Her kan du spele kjempesjakk, kubb, hesteskokasting, basket eller låne ein sykkel for å utforske nærområdet. Nede ved sjøkanten har vi ei eiga hamn med låg brygge. Du kan låne robåt med påhengsmotor og fiskeutstyr, eller fiske frå land. Det er også fine badeplassar rett ved senteret. I området rundt Muritunet finst mange turstiar, og fleire er tilrettelagde for rullestolbrukarar. Kart over turmål finn du på vår "Aktivitetsvegg". Vi har òg ein moderne tuftepark for utetrening.
Aktivitetsrommet
Fritidsleiarane inviterer til trivelege stunder ved aktivitetsrommet i 2.etg. Her kan du velge frå eit variert og godt utval av ulike hobbymateriale og utstyr. Fritidsleiarane er tilgjengelege for rettleiing og tilrettelegging av aktivitetar. Inn i mellom vert det også organisert aktivitetar som bingo, quiz m.m. Dørene er alltid opne. Velkomen innom!
Fritidsrommet
Muritunet oppfordrar til leik, liv og røre. I fritidsrommet kan ein blandt anna halde på med ulike aktivtetar som bordtennins, biljard, wii, dart og fotballspel.
"Aktivitetsveggen"
Aktivitetsveggen består av ein reol med ulike vekeblad, aktualitetsblad og ymse spel som sjakk, kort, Geni, Solitaire, refleksvest, haudelykter og osv. som ein kan låne under opphaldet. Ordninga med aktivitetsveggen er basert på at ein låner og set tilbake etter bruk.
Treningssenteret Fjordtrim
Fjordtrim har eiga heimeside og opplysningar om aktivitetane finn du her: www.fjordtrim.no
Bassenget
Bruk av basseng utanom organisert aktivitet føreset at det er minimum 3 personar saman. Regelen er ufråvikeleg av omsyn til sikkerheit! Ein avtaler tider med vaktrommet og inviterer med andre på ei tavle ved symjehallen.
