Eigne resultat
Auka livskvalitet for alle våre rehabiliteringtilbod i 2024
Livskvalitet blir målt med EQ-5D, eit standardisert spørjeskjema for helserelatert livskvalitet. Skalaen går frå 0 («dårlegaste helsa du kan tenkje deg») til 100 («beste helsa du kan tenkje deg»).Ein auke på 6,5 poeng blir rekna som klinisk signifikant forbetring. Grafen viser resultat frå 2024. Hjarte- og arbeidsretta rehabilitering viser størst forbetring frå ankomst til seks månader etter rehabilitering.
Arbeidsevna auka etter rehabilitering for både døgn-, dag- og polikliniske pasientar i 2024
Eigenvurdert arbeidsevne seier noko om sjansen for å kome i arbeid etter arbeidsretta rehabilitering. Deltakarane vurderer si eiga arbeidsevne på ein skala frå 0 til 10, der 0 betyr «heilt utan evne til å arbeide», og 10 betyr «mi beste arbeidsevne». Forsking har vist at ein auke på eitt poeng kan gi 50 % større sjanse for å kome tilbake i arbeid.
Pasientar har god effekt av livsstilsendringtilbod
Data frå nesten 300 pasientar (2019–2024) viser at personar med BMI over 30 som har delteke på livsstilsendringstilbod ved Muritunet, opplever betra livskvalitet og fysisk form.
- Gjennomsnittleg vektnedgang: 5,5 %
- Auke i fysisk form: +14 % i VO₂ maks
- Betre helse, redusert risiko for hjarte- og karsjukdom, og auka arbeidskapasitet
Årsrapport 2025 Ønskjer du tilgang til årsrapporten for kvart rehabiliteringstilbod kan du ta kontakt med FOU avdelinga slik vi kan sende deg.