Visste du at du kan kjenne ekte smerte utan at noko er gale i kroppen?
For dei fleste er dette den første «bøygen» ein må over for å forstå mekanismane bak PRT og nevroplastisk smerte.
Du kan kjenne intense magesmerter, hovudpine, svimmelheit eller sterk utmatting. Du kan ha problem med å bevege ein arm eller fot, eller kjenne at kroppen ikkje samarbeider slik han skal. Mange opplever hjernetåke, prikking, svie, muskelrykningar eller ein gjennomgripande verk, og kan vere slitne og utmatta over lang tid.
Legen tek deg på alvor. Det blir teke blodprøver, MR og røntgen. Du blir sendt vidare til fleire ekspertar og forsøker ulike behandlingar.
Likevel finst det ingen konkrete diagnosar og ingen strukturelle funn som kan forklare plagene. Symptoma og smertene er der likevel – år etter år.
Ingen skal kome og seie at det du kjenner ikkje er ekte. Det er ekte smerte. Reelle opplevingar. Du kan altså ha sterke og vedvarande symptom, sjølv om undersøkingar ikkje viser at noko er gale i kroppen.
Men korleis kan det gjere vondt når det ikkje er ein pågåande fysisk skade?
Smerte er i utgangspunktet ein beskyttelsesrespons. Ho kjem ikkje for å plage oss, men for å passe på oss. Tenk deg at du trakkar over med ankelen. Det gjer akutt vondt, og smerta seier tydeleg: «Stopp. Ikkje rør deg.» I denne fasen er smerte og symptom nyttige, fordi det gir kroppen ro til å lege seg. Det er ikkje då du skal springe halvmaraton eller stå på ski. Når kroppen har gjort reparasjonsjobben sin, er ankelen klar til normal bruk igjen.
Når kroppen er reparert, men smerta ikkje gir seg
Kroppen er konstruert for å reparere seg sjølv. Når det er gjort, blir alarmsignala vanlegvis skrudde av. Hos nokon skjer ikkje dette, alarmsignala vil ikkje gi seg. Du kjenner det stikke og brenne etter normal bruk av ankelen. Smertene spreier seg, først til kneet og så vidare opp til hofta. Du opplever å ha vondt når du ligg i ro, og søvnen blir dårlegare. Legen tek deg på alvor, det blir tekne blodprøver og MR av ankel, kne og hofte. Alle undersøkingar viser normale funn, men du har like vondt. Når smerte varer lenge etter at kroppen i stor grad har reparert seg, handlar det ofte om at nervesystemet feiltolkar signal frå kroppen. Hjernen tolkar trygge signal frå kroppen som om dei er farlege, og held fram med å sende ut alarmsignal for å beskytte deg, men denne gongen på feil grunnlag. Hjernen kan altså ta feil, og rett og slett fyre av falsk alarm. Dette opplevast som smerte, og vi kallar denne smertetypen nevroplastisk smerte.
Tre hovudformer for smerte
I dag skil ein fagleg mellom tre hovudtypar smerte, noko som er viktig fordi smerte krev ulik tilnærming og behandling.
- Nociceptiv smerte er smerte som kjem av reell skade eller betennelse i kroppen. Vev er skadd, og smerta gir meining. Når kroppen helast, minkar smerta.
- Nevropatisk smerte oppstår når problemet ligg i nervevev, ikkje i muskel eller ledd. Nerven er skadd eller irritert og sender feil signal vidare. Smerta kan kjennast brennande, stikkande eller elektrisk, også utan ny skade.
Nociplastisk smerte betyr at kroppen i utgangspunktet er trygg, men alarmsystemet har blitt overfølsamt. Hjernen tolkar signal som farlege, sjølv når dei ikkje er det. Smerta er like reell, men kjem frå måten smertesystemet fungerer på.
Kvifor er dette viktig?
Fordi smerte ikkje alltid er nyttig, og fordi ulik smerte krev ulik tilnærming. Det viktigaste å forstå er dette: Smerta er ekte. Opplevinga er ekte. Men for å bli kvitt smerta er det avgjerande å vite kva type smerte ein har, slik at ein kan finne rett tilnærming og rett behandling.
Vil du prøve PRT?
Interessa for PRT er stor, og vi gler oss til å tilby eit eige kursopplegg for privatbetalande deltakarar i 2026.
Lurar du på om PRT kan vere rett for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Ta kontakt med Nina, avdelingsleiar på Moa, på telefon 480 35 502 for meir informasjon og påmelding