Slik lagar du julekrans
I førjulstida kan det vere godt å finne små augeblikk av ro, meistring og kreativitet. På Muritunet veit vi kor viktig dette er – ikkje berre for trivsel, men også som ein del av rehabiliteringsprosessen. Mange tenkjer kanskje at hobbyaktivitetar har lite med helse å gjere, men vi ser gong på gong at skaparglede gir energi, meistringskjensle og indre ro. For enkelte ein form for meditasjon.
Slik lagar du tradisjonell julekrans
Ein julekrans er ein vakker og tradisjonell juledekorasjon som er med å gi heimen ekstra julestemning.
Du trenger:
• Mjuk ståltråd
• Avbitartong
• Halmkrans
• Grønt frå hagen
• Pynt - Tørka frukt, kongler, kanelstang
• Stift – Til å fest pynt
• Eventuelt limpistol
Steg 1) Lag ei løkke i enden på ståltråden
Steg 2) Før ståltråden under kransen og gjennom løkka
Steg 3) Lag ein og ein bukett av det grøne og fest med ståltråd til du har dekt heile kransen.
Steg 4) Bruk stift eller lim til å feste pynten på kransen
Steg 5) Lag eit oppheng med ståltråd, band eller lærreim.
God førjulstid
Film - Slik lagar du julekrans
Aktivitetsrommet er ein populær møteplass hos oss. Her kan pasientane velje mellom eit breitt utval av hobbymateriale, få rettleiing frå fritidsleiarane våre og skape noko heilt eige. Det er ein stad for å kople av, vere sosial og oppleve meistring. I tillegg arrangerer vi bingo, quiz og andre hyggelege aktivitetar – alt for å skape gode stunder i mørketida.