Muritunet | Pasienthistorie: Frå langvarige smerter vart Tormod så å…

Frå langvarige smerter vart Tormod så å seie smertefri med PRT

Gjennom Pain Reprocessing Therapy (PRT) og øvingar som Somatic Tracking lærte Tormod å møte kroppssignala med nysgjerrigheit og tryggleik i staden for frykt.

Smertene styrte kvardagen til Tormod

«Eg leita etter ein skade og noko som måtte reparerast. I staden måtte eg lære om signal og nevroplastiske symptom»
I fleire år styrte smertene både arbeidslivet og fritida til Tormod. Det som byrja med smerter i beina, utvikla seg gradvis til plager som gjorde det vanskeleg å stå i jobb og delta i kvardagen.

Som teknikar var Tormod vand med å tenkje at når noko ikkje fungerer, er det noko som må reparerast. Slik tenkte han også om kroppen. Kunnskap om nevroplastiske symptom og behandling med Pain Reprocessing Therapy, PRT, snudde denne forståinga. I dag er smertene så godt som borte.

Noko endra seg

Tormod hadde lenge vore plaga med smerter i beina. Jogging hadde tidlegare hjelpt han med å halde plagene i sjakk, men hausten 2015 reagerte kroppen annleis.

– Eg hadde alltid hatt vondt i beina, men no blei smertene verre dess meir eg jogga.

Plagene auka gradvis. På nyåret blei han sjukmeld fordi han ikkje lenger klarte å stå i arbeid. Dei siste tida var smertene så sterke at han sat i ein stol og vred seg resten av kvelden.

– Eg hadde så mykje vondt etter jobb at det ikkje gjekk lenger.
Fysikalsk behandling hjelpte kroppen i gang igjen, men Tormod klarte ikkje lenger å bruke vernesko. Han måtte derfor omskolere seg og gå over til kontorarbeid.

Smertene blei verande

Sjølv om funksjonen blei betre, forsvann ikkje smertene. Samtidig var livet prega av mange krav og lite rom for ro. Tormod skulle lære seg ein ny jobb, tok teknisk fagskule på deltid og hadde ein travel kvardag på heimebane.

– Det var ikkje mykje ro dei første åra. Eg ser no at stress og belastningar kan ha vore med på å halde plagene ved lag.
Smertene kjendest som sterk mjølkesyre i musklane, særleg oppover leggane og låra. Han opplevde dårlegare balanse, lite kraft og ei kjensle av at musklane stod i spenn.

Trapper, harde underlag, stål og betong kunne utløyse sterke reaksjonar. Laurdagane var ofte dei dårlegaste dagane i veka, også før han hadde begynt å gjere noko.

– Eg kunne vakne med smerter, eller dei kom om morgonen. Då kunne dei vare resten av dagen og langt utover kvelden.
 
Etter kvart slutta han å planleggje aktivitetar på laurdagane. Då blei presset mindre, og enkelte dagar klarte han å gjere noko seinare på dagen. Samtidig la han merke til at måndagane ofte var gode, særleg dersom han hadde vore på fjelltur dagen før.
Det gav han eit tidleg hint om at plagene ikkje berre handla om kor mykje han brukte kroppen. Forventningar, uro og situasjonen rundt han kunne også påverke symptoma. 

Pasientintervju | Kroniske smerter, så godt som borte med PRT | Tormod si historie

Utmattinga førte han til Muritunet

Tormod opplevde også periodar med kraftig utmatting. På dei verste dagane kunne ein kort luftetur med hunden føre til at han trong fleire timar på å hente seg inn igjen.

– Det var som om energien rann ut av kroppen. Eg kjende meg tung og veik, nesten som om eg hadde influensa eller feber.

Det var sambuaren som tipsa han om rehabilitering ved Muritunet. Tormod var open for å prøve, men usikker på korleis eit opphald skulle kunne endre eit så gammalt og omfattande problem.

– Eg forstod ikkje heilt kva som skulle til for å løyse det.

Ei ny forklaring på smertene

Ved Muritunet fekk Tormod lære om nevroplastiske symptom. Det er reelle symptom som kan bli oppretthaldne av lærte reaksjonar i hjernen og nervesystemet.

Når nervesystemet over tid blir ekstra følsamt, kan det tolke signal frå kroppen som farlege, sjølv om signala ikkje nødvendigvis betyr at vevet er skadd. Smerta er reell, men forklaringa treng ikkje vere at noko framleis er øydelagt.
For Tormod blei dette etter kvart ei forståeleg forklaring.

– Eg er teknikar. Når noko ikkje fungerer, tenkjer eg automatisk at noko er fysisk øydelagt. No forstår eg symptoma meir som ein signal- eller tolkingsfeil. Hjernen kan tolke trygge signal som fare og lage smerte fordi han har lært at situasjonen er farleg.
Denne kunnskapen gjorde at han kunne møte symptoma på ein ny måte. I staden for å tolke smerta som eit sikkert teikn på skade, kunne han utforske om det var nervesystemet som prøvde å beskytte han.
 

Bilde: PRT kurs Ålesund

PRT blei eit vendepunkt

Under kartlegginga fekk Tormod med seg boka The Way Out av Alan Gordon. Der las han om Pain Reprocessing Therapy, PRT. PRT går mellom anna ut på å observere kroppssignal med nysgjerrigheit, tryggleik og minst mogleg frykt. Målet er ikkje å late som smerta ikkje finst, men å gi hjernen og nervesystemet nye erfaringar med at signala kan vere trygge.

Heime i sofaen prøvde Tormod for første gong å observere smerta på denne måten.

– Smerta begynte å forandre seg. Ho flytta seg, pulserte og blei svakare. Det var ei veldig spesiell oppleving.

Under den første PRT-timen opplevde han igjen at symptoma kunne endre seg. Smerta kunne både auke og minke, avhengig av kva han retta merksemda mot og korleis han tolka det han kjende. For Tormod blei dette eit viktig teikn på at smerta ikkje var fastlåst.

Utfordra det kroppen hadde lært å frykte

Saman med behandlarane arbeidde Tormod med situasjonar kroppen hadde begynt å forbinde med fare. Det omfatta mellom anna vernesko, trapper, harde underlag og førestillinga om å gå på stål og betong.

Nokre av situasjonane arbeidde dei først med gjennom øvinger som Somatic Tracking. Der observerte Tormod reaksjonane i kroppen og øvde på å møte dei med større tryggleik.

Målet var å trygge og oppservere situasjonen som triggar symptom

Frå farefokus til tryggleik

Tidlegare hadde merksemda automatisk gått til det som gjorde vondt. Under opphaldet oppdaga Tormod at han sjeldan la merke til det positive.

På tur begynte han derfor å rette merksemda mot styrken i føtene, den mjuke rørsla og kontakten mellom fotsålene og underlaget.

– Eg tenkte at musklane og senene var sterke, og at føtene fungerte slik dei skulle. Dersom leggane begynte å stramme seg, flytta eg merksemda til fotsålene og kor behageleg det var å gå i gode joggesko.

Smertene styrer ikkje lenger kvardagen

Under rehabiliteringsopphaldet opplevde Tormod ei rask endring. I dag er smertene borte og han har mindre utmatting. Når vi snakkar med Tormod tidleg i haust, er han fortsatt delvis plaga av utmatting. Samtidig som han er i opptrapping i jobb.

– Eg kan kjenne smerter i enkelte situasjonar, men då er det berre ei lita påminning. Det er ikkje i nærleiken av slik det var.
Den største forskjellen er at han ikkje lenger planlegg livet rundt frykta for kva kroppen toler. Han har også begynt å jogge igjen, på eit nivå som kjennest fornuftig.

– Før kunne eg ikkje planleggje ein laurdag. No kan eg gjere det eg vil, når eg vil. Smertene avgrensar meg ikkje lenger.

Tormod understrekar at plagene alltid var reelle. Det som endra seg, var forståinga av kva dei kunne skuldast, og korleis han kunne møte dei.

– Eg trudde smerte eller utmatting betydde at noko var fysisk øydelagt.

Tormod er reflektert og representerer ei gruppe som mange kan kjenne seg igjen i. Håpet til Muritunet og Tormod er at dei som har nevroplastiske plager slik som Tormod kan få det betre, med rett kunnskap og forståing. Og som Tormod seier sjølv.

– Det er null risiko med å prøve.