2. Lim inn rett etter den innledende taggen: 2. Lim inn rett etter den innledende taggen: Muritunet | Motstand gir varig, endring, vekst og resultat - Bli glad…

Har du nokon gong valt den lettaste løysinga – og angra etterpå?

Den lettaste motstandsvegen er ofte den som kjennest naturleg. Det er den løysinga tenåringar vel når dei legg frå seg klede på golvet, lar søppeldunken  renne over eller juksar på ei prøve. «Eg gjer det seinare» – høyrest det kjent ut?

Muritunet - fagveggen.

Kvifor vel vi ofte den enklaste vegen?

Å berre gjere det ein har lyst til, fører sjeldan til varig suksess. Kvardagen krev sjølvkontroll: å velje eplebåtar framfor Sørlandschips, å reise seg frå sofaen for å trene eller å spare til noko viktig i staden for å kjøpe på impuls. Det er slik vi byggjer styrke og når måla våre. Likevel fristar den enklaste vegen – men kvifor?

  • Det er behageleg og enkelt
  • Vi er redde for å feile
  • Vi unngår ansvar
  • Vi har unnvikande åtferd
  • Vi manglar kunnskap

Evolusjonen hjelper oss ikkje her. Vi er biologisk programmert til å spare energi der vi kan, slik at vi var rusta til å yte når det verkeleg gjelder. Men i dagens samfunn er det ikkje alltid ein fordel.

Kvifor bør vi bli glad i motstand?

Motstand gir vekst. Likevel unngår vi ofte ubehag fordi det krev meir – eller fordi vi er redde for å feile. Vi lever i ei tid der vi leitar etter enkle løysingar – ein tablett for alle problem. Dessverre finst det ingen snarvegar som gir varige resultat, fordi det er motstand som gir resultat

Eksempel på motstand og resultat:

Motstand gir resultat

Vi må tørre å stille ubehagelige spørsmål

  • Kva er den eigentlege årsaka til at eg ikkje trenar?
  • Kvifor skuldar eg på andre for ting eg har ansvar for sjølv?
  • Kvifor unngår eg ubehagelege konfrontasjonar?
  • Kva påstandar om meg gjer meg mest opprørt – og kvifor?


Når vi kjenner oss truffen av sanninga, reagerer vi ofte med forsvar. Neste gong det skjer, legg merke til kva tema eller spørsmål som «trigga» deg – og spør deg sjølv: Kva var det som gjorde at eg gjekk i forsvar? Nå du har akseptert for deg sjølv sanninga, kan du starte med å endring. 

Håp for deg som ikkje eig sjølvkontroll 

Forsking viser at personar med god sjølvkontroll opplever mindre motstand ved krevjande val. Sjå for deg ein person som:

  • Et sunt
  • Går lett forbi kakebordet
  • Har vore på løpetur i helga
  • Syklar til jobb – sjølv om det er vinter
  • Lagar salat til lunsj kvar dag

For dei krev det mindre innsats å ta gode val, fordi dei har struktur, strategiar og vanar som fungerer. Kva med deg som har mindre sjølvkontroll? Heldigvis er hjernen formbar og plastisk. Det betyr at vi kan omprogrammere nervetråder i hjerne, slik vi kan lage nye vaner som lagrer seg i hjernen. Den du var for 20 år sidan trenger ikkje være deg i dag. 

Kva har dette med rehabilitering å gjere?

Pasientar på Muritunet vil møte motstand – både under og etter opphaldet. Om ein ønskjer varig endring, kan ein ikkje velje lettast motstands veg. 

Om du visste at utfallet var - hadde du då vore fysisk aktiv

Kjelde: 

(1) Beaton, C. (2017, March 11). A recently published study discovered something we knew but denied. Psychology Today. https://www.psychologytoday.com/us/blog/the-gen-y-guide/201703/were-wired-to-take-the-path-of-least-resistance


(2) Gillebaart, M., & Kroese, F. M. (2020). “Don’t mind if I do”: The Role of Behavioral Resistance in Self-Control’s Effects on Behavior. Frontiers in Psychology, 11. https://doi.org/10.3389/fpsyg.2020.00396


(3) Hagura, N., Haggard, P., & Diedrichsen, J. (2017). Perceptual decisions are biased by the cost to act. eLife, 6. https://doi.org/10.7554/elife.18422 


(4) Brodal, P. (2020, 21. oktober). Hjernens plastisitet og mekanismer for restitusjon og rehabilitering [Føredrag]. Institutt for medisinske basalfag, Universitetet i Oslo. Rehabilitering av pasienter med hodeskader og hjerneslag.