Er du sykmeldt eller står i fare for å bli det?
Strevar du med å fungere i jobb på grunn av helserelaterte plager, eller er jobbsituasjonen din vanskeleg?
For mange kan det vere heilt avgjerande å kome tidleg i gang med tiltak for å auke moglegheita til å kome heilt eller delvis tilbake i arbeid. Forsking viser ein klar samanheng mellom langvarig sjukefråvær og større risiko for å ikkje kome tilbake i arbeid. Difor bør ein sette i gang med tidleg tiltak før avstanden til arbeidslivet blir for stor
Kvifor velge arbeidsretta rehabilitering – poliklinikk?
Å stå i arbeid kan vere utfordrande når helsa sviktar, eller når arbeidssituasjonen blir opplevd som utfordrande. I spesialisthelsetenesta blir det tilbydd arbeidsretta rehabilitering til personar som treng støtte for å meistre arbeidskvardagen og styrke arbeidsevna.
Arbeidsretta rehabilitering-poliklinikk viser seg å vere noko av det mest effektive vi på Muritunet har for å få folk tilbake i arbeid. Arbeid er svært viktig for helsa vår. Arbeidsdeltaking kan bidra til meistring, at ein kjenner seg nyttig, sosial deltaking, struktur og rammer i kvardagen og kan gi personleg utvikling. Arbeidsretta rehabilitering er eit viktig satsingsområde i Noreg og for Muritunet.
Kva skil poliklinisk frå dag- eller døgnrehabilitering
Det som skil arbeidsretta rehabilitering- poliklinikk frå døgn eller dagtilbod, er lengda og den tilpassa individuelle oppfølginga. Tilbodet vert skreddarsydd ut i frå ei fagleg vurdering og behovet til den enkelt deltakar. Under vegs vert tiltaka justert ut i frå progresjon, behov og livssituasjon, noko som gir større føresetnad for stabil arbeidsdeltaking.
For mange sjukemeldte er oppfølging over tid heilt avgjerande. Årsakene til sjukmelding kan vere samansette, og prosessen til arbeidsdeltaking kan ta tid. I ett poliklinisk forløp vil en jobbe steg for steg, i den sjukemeldte sitt eige tempo.
Hovudmål med arbeidsretta rehabilitering- poliklinikk
Målet er at pasienten skal vere heilt eller delvis tilbake i jobb innan seks månader.
Poliklinikk gjer det mogleg å:
- teste ut tiltak direkte i arbeidssituasjonen
- justere belastning og forventningar i samarbeid med arbeidsgivar
- bygge meistring i realistiske rammer
- parallelt jobbe med arbeid og helse
Les om tilbodet
Innsats viktig for effekt:
Innsatsen som deltakaren sjølv legger i å auke arbeidsevna undervegs i rehabiliteringa har mykje å seie om pasientane når målet om å komme i arbeid.
Resultat etter arbeidsretta rehabilitering- poliklinikk
Etter ein gjennomgang av pasientrapporterte data på Muritunet ser ein ei tydeleg betring på følgande punkt:
- Arbeidsevne aukar med over 30 prosent
- Halvparten av pasientane rapporterer ei auke i sjølvrapportert? arbeidsevne, frå 5,37 til 6,98.
- Når sjølvvurdert arbeidsevne aukar med 1 poeng på skalaen frå 0 til 10 i løpet av rehabiliteringa, aukar moglegheit for deltaking i arbeidslivet med nesten 30 prosent.
Eit godt tilbod for deg med samansette og langvarige problemstillingar
Bakgrunn og årsak til sjukmelding kan variere, og derfor er også lista over innsøkingdiagnosar lang og samansett. Sjå oversikt over innsøkingdiagnosar her.
- samansette muskel- og skjelettplager
- vedvarande smerter, trøttheit eller redusert funksjon
- lettare psykiske lidingar som angst, depresjon, stress
- utfordringar knytt til det å stå stabilt i arbeid over tid med helseplager
Arbeidsretta rehabilitering- poliklinikk kan ver nyttig når:
- problema er samansette og har vart over tid
- tidlegare tiltak ikkje har gitt varig effekt
- det er behov for individuelt tilpassa oppfølging
- du er sjukmeldt eller står du i fare for å bli det
Hjelp av eit tverrfagleg team
Vi har ei heilskapleg tilnærming der både helse, arbeid og livssituasjon blir sett i samanheng. Vi jobbar for å finne gode løysingar som styrker arbeidsevna di og meistringa i arbeidshverdagen. Vi samarbeider med din arbeidsgivar, Nav veileder og evt andre aktuelle instansar ved behov.
Du møter eit tverrfagleg team som består av mellom anna:
- arbeidskonsulent
- fysioterapeut
- lege
psykolog
Arbeidsretta rehabilitering poliklinikk passar nødvendigvis ikkje for alle. Ved meir komplekse, langvarige eller krevjande utfordringar, kan arbeidsretta dag- eller døgntilbod vere eit godt alternativ.
Det er for tida kort ventetid
Ved vårt dagsenter på Daaeskogen på Moa i Ålesund tilbyr vi poliklinisk oppfølging for sykemeldte i regionen.