2. Lim inn rett etter den innledende taggen: 2. Lim inn rett etter den innledende taggen: Muritunet | Pain Reprocessing Therapy (PRT) | Kunnskap og fagutvikling

Spennande resultat frå første pasientgruppe som har fått Pain Reprocessing Therapy (PRT)

Kva om smerte har styrt livet ditt i årevis plutseleg endrar seg eller forsvinn? 

IMG 4667

Muritunet avd Moa, har akkurat fullført første gruppe som har fått Pain Reprocessing Therapy (PRT) som ein del av langvarig smerterehabilitering. Vi har samla behandlarane Ingvild, Anna og Julianne for ei oppdatering

Men kva er PRT?

PRT er ein metode som behandlar nevroplastiske smerter. Metoden tar utgangspunkt i at hjernen feiltolkar ufarlege sansesignaler frå kroppen som farlege, og varslar om dette i form av å skape symptom (eks: smerte, utmattelse, svimmelheit). I PRT hjelper vi hjernen til å tolke signaler meir presist og trygt, slik at unødvendige symptom kan forsvinne. Det er to år sidan Muritunet kontakta Peter Lyby, på bakgrunn av et foredrag om PRT. FOU-avdelinga såg moglegheit for å hjelpe enda fleire pasientar med smerte.

Korleis har det vore å prøvd ut PRT på første gruppe?

«Eg synest det har vore veldig spennande, for hos fleire pasientar har vi sett raske endringar. Det har overraska både meg som terapeut og pasientane sjølv kor raskt smertebildet kan endre seg og i nokre tilfelle forsvinne heilt. Forsking viser at terapien har effekt etter åtte individuelle behandlingstimar. Men vi har opplevd effekt hos enkelte pasientar allereie etter éin til to timar.,» fortel Ingvild.  

Edringane pasientane rapporterar om har gitt stor motivasjon til terapeutane, og ikkje minst for pasienten til å jobbe videre med denne tilnærmingen. «Pasientane utrykker håp, nysgjerrigheit og at dei har fått ei anna tilnærming til smerte.» fortel Julianne. 

Korleis skil PRT seg frå tidlegare metodar?

«PRT tar utgangspunkt i at smerte er lærte prosessar og feiltolkingar av signal,» fortel Ingvild. Det betyr at smerte kan avlærast og i mange tilfelle forsvinne heilt. Her er det viktig å påpeike at det er snakk om nevroplastiske smerter, og ikkje smerte som kjem av fysiske årsaker.  

I PRT rettar vi fokus direkte mot symptoma og tar i bruk forståing, språk, følelsar og åtferd for å vise hjernen at symptoma eigentleg er trygge signal. PRT har en heilt klar behandlingsmanual med 1) nevroplastisk kartlegging, 2) kunnskapsdeling, 3) bevisliste, 4) somatisk sporing, 5) handtere andre emosjonelle truslar og 6) velje / øve på positive følelsar og sensasjonar.  

Kva er nevroplastiske smerter?

Nervoplastiske smerter er reelle smerter som oppstår fordi hjernen tolkar ufarlege signal frå kroppen som farlege. Hjerna har et alarmsystem som skal beskytte oss mot fare. Den hentar informasjon frå kroppens indre og ytre sanseapparat, følelsar, stressnivå, lærte mønstre og tidlegare erfaringar. Dersom stress og negative følelsar er høge, kan hjernen «overreagere» og sende ut smerte som beskyttelsesmekanisme. Bevisste oppfattelser og forventningar påverkar også hjernens tolking ved å enten bekrefte eller avkrefte fare, og dermed styrke eller dempe symptom. I PRT utforskar og oppdaterar vi hjernens alarmsystem. Vi tar i bruk bevisst fokus, språk, forventningar, følelsar og åtferd, sender tryggande signal når hjernen feiltolkar, hjelper hjerna å forstå at det er falsk alarm. Samtidig utvidar vi hjernens bibliotek av trygge erfaringar.  

Ulogiske og skiftande mønsteret er typisk for nevroplastiske smerte  

I PRT jobbar vi ikkje berre med smerter, men symptom. Når hjernen ønsker å varsle oss om mogleg fare, kommunisera den til oss med ulike alarmer (symptomer), der smerte er ein av disse.

Kva kjenneteiknar nevroplastiske smerter?

  • Smerta følgjer ikkje eit fast mønster
  • Kan kome og gå, flytte seg og variere i intensitet
  • Debut utan tydeleg fysisk årsak, eller vedvarer etter skade/sjukdom er leget.
  • Oppstått i en periode med stress (fysisk, psykisk og emosjonelt).
  • I tillegg kan pasienten oppleve andre symptom som; svimmelheit, kvalme, utmatting eller diffuse ubehagelege sensasjonar.

Bevislista, viktig verktøy for trygging for hjernen

Bevislista er ein viktig komponent i behandlinga. Lista er individuelt utforma, og samlar den enkelte pasient sine symptomkarakteristikker, utredningar, tidlegare og pågåande erfaringar. Bevislista har som funksjon å synleggjere nevroplastiske kjenneteikn og utelukka annan alvorleg årsak. Denne lista vend ein tilbake til gjennom heile behandlingsforløpet, for å hjelpe pasienten til å plassere symptoma i forklaringsmodellen. Dette for å trygge pasienten om at symptoma skuldast prosessar i hjernen, ikkje et strukturelt problem i kroppen.

Det er viktig å understreke at ein ikkje trenger å ta bilete / undersøkingar av heile kroppen i forkant av PRT. Lege gjer vurdering av nødvendige undersøkelsar, basert på det aktuelle symptombildet.  

Eksempel på bevis:

  • Alle blodprøvane er heilt fine
  • Ingen (eller små) funn på MR, CT eller røntgen
  • Legen har gjort ei grundig vurdering
  • Smerta flyttar på seg og varierer med stress
  • Symptoma påverkast av PRT behandling (avtar, endras, flyttas)
  • Smerte-frykt-sirkelen – når følelsar forsterkar smerte

Smerte og frykt heng tett saman. Frykt handlar ikkje berre om redsel, men også om irritasjon, sinne, stress og bekymring. «Når følelsessenteret vårt «fyrer», aktivera vi også smertesenteret i hjerna» fortel Ingvild. Det er her ditt indre bibliotek viser deg kva hendingar hjerna koblar som farleg.  

Korleis ser sirkelen ut?

  • Smerte oppstår
  • Fryktfølelse ->bekymring, redsle, irritasjon, sinne, oppgjevenheit
  • Beskyttelses åtferd -> pasient prøver å unngå, fjerne, endre, ignorere smerta
  • Fryktreaksjon og beskyttelses åtferd bekreftar fare  
  • Farenettverk i hjernen aktiverast
  • Hjernen opprettholder/forsterkar smertene

Smerte-frykt sirkel

Når stolen er den same – men smerta endrar seg

«Er det logisk at du skal få vondt i armen når du går i kaffeselskap til svigermor og ikke når du går i kaffeselskap til en venninne?» seier Ingvild spørjande. I hjernen har vi et “bibliotek” av tidlegare erfaringar. Det fungerer som et oppslagsverk for hjernen, om korleis den skal reagere i ulike situasjonar. Har du minner som forbinder sitting, besøk av svigerforeldre eller familiemiddager med negative følelsar/ubehag, kan hjernen oppfatte det som fare, og sende ut symptomer.  

Ingvild, Anna og Julianne kjem med gode døme på situasjonar der nevroplastiske smerter typisk auke i intensitet, som under middag i eit familieselskap. Stolen er den same, men rammene, forventingane, spørsmål frå familien i tillegg til at du må vere i ro kan trigge følelsessenteret.  

Nevroplastisk smerte kan også oppføre seg motsett og forsvinner helt når du er på ferie, i badekaret eller går barbeint. Når pasientane forstår at smerta ofte aukar i intensitet, varigheit og styrke i situasjonar med sterke negative følelsar, blir det lettare å bryte sirkelen og trygge seg sjølv.

Resultat og vegen vidare

Etter første PRT-gruppe er erfaringane lovande. «Fleire av pasientane har fått betydeleg dempa smerteintensitet, og nokon har blitt smertefrie undervegs i oppfølging. Dette gir håp for mange som har levd med langvarige smerter,» fortel Julianne, Anna og Ingvild.

 


Vil du prøve PRT? 

Interessa for PRT er stor, og vi gler oss til å tilby eit eige kursopplegg for privatbetalande deltakarar i 2026.
Lurar du på om PRT kan vere rett for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Ta kontakt med Nina, avdelingsleiar på Moa, på telefon 480 35 502 for meir informasjon og påmelding