Oppfølging etter kreft
Mange som kjem til rehabilitering etter kreft, har eitt hovudønske:
«Eg vil finne tilbake til normalen, men eg veit ikkje heilt kva normalen er lenger.»
Menneska vi møter kan sjå friske ut, men kjenner seg ikkje som før. Kontrasten mellom utsida og innsida kan vere stor. Rehabiliteringa handlar derfor ikkje berre om å bli fysisk sterkare, men om å forstå den nye livssituasjonen, finne eigne grenser og oppdage kva som kan gi mestring, glede og livskvalitet no.
Kva kjenner mennesker med seinfølger etter kreft på?
1. Dei kjenner seg ikkje som seg sjølveMange opplever endringar på fleire område:
• Kroppen fungerer annleis enn før
• Energien strekk ikkje til
• Tankane og følelsane kan vere urolege
• Sosiale situasjonar kan kreve meir
• Rolla i familien eller arbeidslivet kan ha endra seg
• Dei kjenner ikkje att eigne reaksjonar eller eigne grenser
Det kan skape ein følelse av å ha mista noko av den personen ein var før sjukdommen.
Mange får høyre at dei ser godt ut eller at dei er heldige fordi behandlinga har gått bra.
På innsida kan dei kjenne på:
• utmatting
• uro og grubling
• redusert kapasitet
• smerter eller andre plager
• dårleg samvittigheit
• lav sjølvfølelse
• usikkerheit om framtida
Når plagene ikkje er synlege kan det vere vanskeleg å forstå for andre. Nokre startar også å tvile på seg sjølv og tenker at dei er late eller ikkje strekk til.
Mange måler seg sjølv opp mot det dei klarte tidlegare:
• «Dette var ikkje noko problem før.»
• «Kvifor orkar eg ikkje dette no?»
• «Kvifor får alle andre det til?»
• «Når blir eg slik eg var igjen?»
Når oppmerksamheita heile tida ligg på det ein ikkje får til, kan kvardagen bli prega av skuffelse og nederlag.
For nokre var kvardagen svært krevande også før dei fekk kreft. Dei hadde kanskje mykje ansvar, høge krav til seg sjølve eller levde med lite overskudd. Kreftsjukdommen og behandlinga kan bli belastninga som får heile lasset til å tippe. Det betyr at ein må sjå heile mennesket og heile livssituasjonen, ikkje berre diagnosen.
Kvifor kjem dei til rehabilitering?
Når menneske kjem til rehabilitering, ønsker mange først og fremst å:
• bli fysisk sterkare
• få meir energi
• kome i gang med aktivitet
• fungere betre i kvardagen
• finne tilbake til livet dei hadde før
• bli tryggare på kva kroppen toler
Undervegs oppdagar mange at behovet er større og meir samansett. Dei treng ikkje berre trening. Dei treng hjelp til å forstå kva dei har vore gjennom og til å finne ein berekraftig måte å leve vidare på.
Rehabiliteringa kan gi rom for å stoppe opp og spøre:
• Kva har eg å rutte med akkurat no?
• Kva tåler kroppen min?
• Kva gir meg energi, og kva tappar meg?
• Kvar går grensene mine?
• Kva er viktig for meg no?
• Korleis kan ein ny normal sjå ut?

Mange ønsker seg tilbake til normalen og har behov for å bli sett, høyrt og forstått
Heilskapleg og individuell oppfølgingPå rehabilitering blir ikkje mennesket begrensa til diagnosa. Ein ser på heile livssituasjonen og tilpassar oppfølginga til den enkelte.
Det kan handle om fysisk kapasitet, energinivå, tankar, følelsar, relasjonar, kvardagsliv og framtidsplanar.
Å kome bort frå kvardagen kan i seg sjølv vere viktig. Heime ser ein alt ein ikkje orkar. Ein blir minna på oppgåvene som ventar og på alt ein meiner ein burde ha gjort.
På rehabilitering kan deltakarane få nye opplevingar, støtte og bekreftelse på det dei faktisk får til. Det kan bryte ein negativ spiral, dårleg samvittigheit og lav sjølvfølelse.
Det kan vere nyttig å møte andre som kjenner på liknande utfordringar. I gruppa treng ein ikkje forklare alt frå botnen av.
Samtidig blir erfaringsdelinga brukt på ein måte som skal bygge opp. Deltakarane kan dele det som hjelper, medan dei tilsette tek imot dei tyngste erfaringane.
Fellesskapet kan vere prega av:
• forståing
• latter
• varme
• galgenhumor
• støtte
• håp
Lurer du på om kreftrehabilitering kan vere aktuelt for deg?
Muritunet har lang erfaring med å hjelpe mennesker som har hatt kreft tilbake til glede, mestring og til ein så normal kvardag som mogleg.
Artikkelen er utarbeidd med støtte i fagkunnskap og erfaringar frå kreftsjukepleiar Trine Hauge ved Muritunet.
Krefttilbod på Muritunet
ARTIKLAR