Praktisk informasjon
Praktisk informasjon
Vi er inne i ein overgangsfase frå post til digital kommunikasjon. I løpet av 2025 vil nokre pasientar framleis mota brev per post, medan andre får informasjon digitalt via Digipost og AdVoca.
Når opphaldet ditt er stadfesta, vil du – dersom du mottek digital informasjon – få eit velkomstbrev i Digipost. Brevet inneheld informasjon om tidspunkt for oppstart, varigheit på opphaldet og relevante førebuingar før ankomst.
Vidare kommuniserer vi med deg gjennom vår digitale samhandlingsløysing, AdVoca. Når pasientsida di er klar, får du ein SMS med ei lenke. Du kan òg gå via heimesida www.muritunet.no og klikke på «Mi side» og deretter «AdVoca».
Om lag ei veke før ankomst ber vi deg svare på spørjeskjema i Checkware. Svara hjelper oss å førebu rehabiliteringsopphaldet best mogleg og vert lagra i journalen din.
Du ordnar sjølv reise til og frå Muritunet. Oppdaterte bussruter finn du på frammr.no eller telefon 177. Ved behov for drosje må fastlegen rekvirere dette. Spørsmål om reiseutgifter rettast til Pasientreiser, tlf. 05515. Det er mogleg å parkere privat bil gratis hos oss, vi har ikkje moglegheiter for lading, men det finst ladestasjon i nærheten.
Dersom det er praktisk mogeleg ber vi deg kome mellom klokka 13:00 og 14:30. Middag i matsalen blir servert frå kl 15:30 – 16:30. Det er omvising for nye pasientar klokka 18:00.
Ta med treningsklede og sko til å bruke inne og ute, badeklede, badekåpe og slippers.
Du er sjølv ansvarleg for eigendelane dine. Utvida pakkeliste ligg nederst på sida.
Eigenandelen er 163 kr per døgn. Eigenandelstaket er 3 278 kr. Når taket er nådd, får du automatisk frikort. Betal i resepsjonen før avreise.
For spørsmål før opphaldet: Resepsjon: 70 25 83 00. Inntakskontor: 70 25 84 00.
Vi håper du vil bruke tida på Muritunet best mogleg, og at du er aktivt deltakande i rehabiliteringsprosessen. Dersom du skal heim i helga i løpet av opphaldet gi beskjed til resepsjonen på førehand.
Medisinsk og helsefagleg
Du får tildelt ein primærkontakt og behandlarar som følgjer deg gjennom rehabiliteringsprosessen. Desse er ein del av eit tverrfagleg team der fleire faggrupper kan involverast ved behov. Du får ein timeplan som viser individuelle aktivitetar, gruppetimar, undervisning og eigentid.
Sjukepleiarane har base på vaktrommet i 1. etasje, og er tilgjengeleg for pasientane heile døgnet.
Du vil i veka før ankomst bli kontakta av sjukepleiar for gjennomgang av medisinlista di. Du må ha med nok medisinar til heile opphaldet.
Rom og vask
Du bur på enkeltrom med eige bad (dusj og toalett), gratis Wi Fi, TV og kjøleskap. Handklede og sengetøy finn du i gangen og bytter sjølv ved behov. Handkleda våre er relativt små, så dersom du ønskjer større handkle kan du ta med eigne eller kjøpe i resepsjonen.
Romvask blir utført tysdag og fredag. For at reinhaldet skal gå så smidig som mogleg, ber vi om at golvet er rydda for klede og personlege eigendelar desse dagane.
Du kan vaske personleg tøy i vaskerommet. All vasking skjer på eige ansvar.
Vaskekort kostar 20 kr per vask/tørk og kan kjøpast i resepsjonen eller på vaktrommet. Vaskepulver finn du i den kvite boksen ved maskinene.
Måltid
Vi serverer frukost, lunsj, middag og kveldsmat alle dagar. Vi legg vekt på eit variert og næringsrikt kosthald og vi følger retningslinjer frå helsedirektoratet. Alle måltid er sjølvbetjent og vi brukar buffetservering til både kalde og varme måltider. Dersom du treng hjelp til å forsyne deg så har vi personell tilgjengeleg til kvart måltid.
Før opphaldet må du fylle ut eit eigenopplysningsskjema. Her opplyser du om eventuelle allergiar eller matintoleransar. Legeerklæring kan lastast opp på di pasientside eller leverast ved ankomst. Andre diettar som t.d. lavkarbodiet har vi ikkje anledning til å ta omsyn til ved kjøkkenet.
Aktivitet og fritid
Fritidsleiarane inviterer til trivelege stunder på ettermiddag/kveld ved aktivitetsrommet i 2.etg fleire dagar i veka. Her kan du velge frå eit variert og godt utval av ulike hobbymateriale og utstyr. Innanfor vekeplananes tidspunkt er Fritidsleiarane tilgjengelege for rettleiing og tilrettelegging. Det vert i tillegg organisert aktivitetar som bingo, quiz m.m. Timeplanen for veka og plakatar om ulike arrangement heng oppe på oppslagstavler på huset.
Muritunet har to TV-stover, fritidsrom med bordtennis, biljard, dart og fotballspel, treningssenter m/ spinningsal, gymsal, klatrevegg, varmtvassbasseng, boblebad og badstue. Ute har vi ein moderne tuftepark, basketballbane og område med bålpanne.
Du kan bruke treningssenteret vårt «Fjordtrim» som er ope frå 06:00-22:00. Bruk av basseng utanom organisert aktivitet føreset at det er minimum 3 personar saman. Regelen er ufråvikeleg av omsyn til sikkerheit! Ein skriv seg opp på ei tavle ved symjehallen.
Muritunet har syklar og gåstavar til utlån. Vi har også diverse utstyr til uteaktivitet. Valldal byr på flotte fjord- og fjellopplevingar og rundt Muritunet finst det mange turstiar og fleire er tilrettelagt for rullestolbrukarar. Turforslag finn du på ut.no og morotur.no. I nærleiken ligg bowlinghall, sauna, diskgolf, matbutikkar, matserveringssteder og kajakkutleige.
Besøk
Pårørande kan overnatte på pasientrom. Opphaldet må registrerast av omsyn til brannforskrift. Pris: 650 kr per døgn inkl. alle måltid. Barn under 16 år: 325 kr.
Kontakt resepsjonen ved innsjekk (vaktrom etter kl. 16.00).
Har du gjestar som ikkje overnattar men som ønsker å bestille mat må det avtalast i god tid på forhånd. Ta kontakt med resepsjonen for bestilling.
Reglar og tryggleik
Muritunet har nulltoleranse for alkohol og andre rusmiddel. Røyking er berre tillate på anvist plass. Det er strengt forbode å røyke på romma og tilhøyrande veranda. Vi tilbyr røykekuttkurs for dei som ønskjer det.
Av omsyn til allergikarar ber vi om at du ikkje brukar parfymerte produkt.
Vi ber om at du ikkje tek med eller tek imot allergiframkallande blomster som orkidear, liljer og julestjerner.