Praktisk informasjon
Før ankomst
sgg
Noko kort info om advoca og checkeware og kommunikasjonen fram mot opphold
Du må sjølv ordne med transport til og frå Muritunet. Oppdaterte bussruter på frammr.no eller ring tlf. 177. Køyrer du eigen bil, er det høve til å parkere her på Muritunet. Treng du drosje må du be fastlegen din rekvirere dette. Dersom du har spørsmål om dekning av reiseutgifter eller andre spørsmål,
kontakt pasientreiser, tlf. 05515.
Ta med treningsklede, sko til bruk inne og ute, samt badeklede og ev. badekåpe og slippers. Det kan vere nyttig å ha med hårfønar, ein liten sekk, ev. refleks og hovudlykt.
NB! Du er sjølv ansvarleg for dine personlege eigendelar. Print pakkeliste som ligg nederst på denne sida.
Ved ankomst
Velkomstmøte onsdag eller torsdag Middag i matsalen frå kl. 15:30 – 16:30 Omvising i huset frå kl. 18:00- 19:00. På ankomstdagen startar vi med eit velkomstmøte kl. 14.30
Middag i matsalen blir servert frå kl 15.30 – 16.30
Det blir også ei omvisning for nye pasientar kl. 18.00
Vi ber om at du har med deg oppdatert legemiddelliste frå fastlegen din. Sjukepleiar vil etterspørre denne ved innkomst. Husk å ta med tilstrekkelig medisin slik at du har nok til heile opphaldet. Treng du sjukemelding, ta kontakt med fastlegen din.
Under oppholdet
Under rehabilitering vil ein få tildelt ein primærkontakt som føl opp rehabiliteringsprosessen medan ein er på Muritunet. Primærkontakta vil vere ein del av eit tverrfagleg team og fleire faggrupper kan bli innvolvert ut i frå behovet til kvar enkelt. Timeplan vert tildelt og som gir oversikt over individuelle aktivitetar, gruppeaktivitet og undervisning. Aktivitet føregår inne og ute, og undervisningstema kan blant anna vere å lære å bruke kognitive verktøy. Timeplanen inneheld også rom for eigentid der ein sjølv er ansvarleg for å disponere tida til det ein måtte trenge.
Hovudforskjellen på individuelle- og gruppeopphald er inntaket. Om du blir søkt inn på tilboda brudd, slitasje og ortopedi, kompleks rehabilitering og lymfødem, vil du bli søkt inn på individuelt opphald som har meir fleksibele inntaksdatoar.
Muritunet følgjer dei offentlege anbefalingane om sunt kosthald frå Statens Råd for Kosthald og Ernæring. Det blir servert 4 måltid pr. dag. Dersom du har behov for spesielle diettar som er medisinsk begrunna, må du sende inn legeerklæring i god tid før ankomst.
Du får enkeltrom med dusj og toalett, gratis Wi-Fi og TV. Handdukar og sengetøy får du også her.
Muritunet har enkeltrom med dusj og toalett, gratis Wi-Fi, TV og kjøleskap. Handklede og sengetøy er å finne i gangen og ein byttar sjølv ved behov.
Der er to TV-stover på senteret samt eige aktivitetsrom. Vaskemaskin og tørketrommel til disposisjon. Muritunet har trimrom, gymsal, varmtvassbasseng, spinningsal, boblebad og badstue.
I Valldal har fjord og fjell. Turløyper kan ein finne på www.ut.no. Muritunet har sykkel, truger og gåstavar til utlån. Inne på Muritunet er det basseng, badstove, boblebad og ulike fritidsaktivitetar du kan nytte på kvelden. I nærleiken finn du bowlinghall, diskgolf, matbutikkar, restaurant og kajakkutleige.
Muritunet har vaskerommet der ein kan vaske personleg tøy. All vasking skjer på eige ansvar. Vaskekort kan kjøpast i resepsjonen eller på vaktrommet, og kostar kr 20 per vask og per tørketrommel. På veggen ved vaskemaskinene er det ein kvit boks med vaskepulver.
Vi håper du vil bruke tida å Muritunet best mogleg, og at du er aktivt deltakande i rehabiliteringsprosessen. Om du skal heim under opphaldet, gje beskjed om dette til teamet, og resepsjonen eller vaktrom på førehand.
På Muritunet er det nulltoleranse for bruk av alkohol og andre rusmiddel. Røyking kun på anvist plass. Eit opphald kan vere ei god anledning til å slutte med røyk eller snus. Ta kontakt om du ønsker å delta på røykekuttkurs.
Av hensyn til allergikarar ber vi deg om å vere forsiktig med parfymerte produkt. Vi ønskjer at du ikkje tar med deg eller tek imot allergiframkallande blomster, som til dømes orkidear, julestjerner og liljer.
Sjukepleiarane har base på vaktrommet, plassert i 1. etasje ved resepsjon og heis. Dei har døgnkontinuerlege ansvar og tilsyn av Muritunet sine pasientar.
Du har sjølv ansvar for å rydde seng og eigne saker som klede, toalettsaker, aviser, vekeblad, blomster osv. Det er romvask kvar tysdag og fredag. Golvet må vere rydda og fritt for klede desse dagane for å lette reinhaldet.
Overnatting for besøkande
Pasientar ved Muritunet kan ha pårørande på overnatting. Overnatting på pasientrom må registrerast grunna brannføresegnene. Prisen for besøkande er kr 650 per døgn, som inkluderar alle måltid. Barn under 16 år betalar kr 325. Ta kontakt med resepsjonen ved innsjekking.
Ved avreise
Eigenandelen for opphald på Muritunet er kr. 163,- pr. døgn. Eigenandelstak er pr. 1.1.2025 kr 3 278.- Når dette beløpet er nådd vil du automatisk få frikort